Hogafossen

Obs: Registreringkort for fangstrapportering må hentes på Inatur sine sider. 

Hogafossen / Lensmannshølen

Dette er en unik fiskeplass under Naustdalsfossen. 

"Hogafossen" som er rett nedenfor Naustdalsfossen påvirkes av flo og fjære, og fiskes best på fjære sjø. Dette er en meget god plass tidlig på sesongen og kan tidvis holde store mengder med fisk. Vi gjør oppmerksom på grensen som går midt i steinmuren, og ber fiskere overholde denne. Fisket i Hogafossen er best mellom 10 - 35 m3s, og kan bli vanskelig å fiske med vannstand over dette. Hølen er fin for både flue og makk. Slukfiske kan også være spennende, men tøft for slukboksen....

Fiskekort: Flere fiskere kan  fiske på samme kortet, men ikke flere enn to samtidig. Merk at det er samlekvote på 2- to opptatt og slaktet fisk pr døgn på dette valdet. Forøvrig vises det  til de allmenne fiskereglene for eleva nedenfor. 


Fiskekortet er gyldig fra kl 18 og i 24 timer. Husk å rapportere all fangst.

Det kan  i løpet av 2026 verte vedteke mellombels stogg i fisket når det er  for høg vasstemperatur i elva. Ein avventar nærare reglar om dette frå Miljødirektoratet.



Fiskereglar 2026 her:

Fiskereglar Nausta 2026

Følgjande reglar er fastsett for fiske etter anadrom laksefisk i Nausta. Alle som skal fiske i Nausta må skaffe seg rapporteringskort hjå Inatur før fiske startar: Inatur Nausta. Rapportering av fangst skjerogså via denne portalen. Alle som skal fiske i Nausta har plikt til å sette seg inn i gjeldande fiskereglar.

§1 Fisketid

• Laks: 1. juni – 31. august 2026

• Sjøaure: 15. juni – 15. august 2026

§2 Reiskapsbruk og fiskemetode

Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stong. Det kan berre nyttast ein reiskap peperson, eitt snøre per reiskap og eitt agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Lovlegfiskereiskap er fluge, sluk, spinner, wobbler og makk. Krokar skal vere utan mothaker, og for makk er det berre tillate med sirkelkrok. Det er forbode å fiske på ein slik måte at fisken truleg vil krøkast.Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrokikkje større enn 15 mm. Det er ikkje tillate å bruke søkke ved anna enn markfiske. Ved bruk at flogesom agn, er det dupp eller snøre som skal utgjere kastevekta.

§3 Gjenutsetting og innlevering

Fisk som skal settast ut skal handsamast på ein skånsam måte og i tråd med praksis vist i foldaren«Gjenutsetting av laksefisk, Fang og slipp!». Denne ligg ute på heimesida til laget. Ein kan også lasteden ned via denne lenka: https://lakseelver.no/nb/news-2016/gjenutsetting-av-laksefisk. For åredusere skadar på skjell og slim, skal det nyttast knutefri hov. Alle fiskarar skal ha kroktang samtinnretning til å kontrollere lengda på fisken.

Fanga laks utover kvoten skal leverast til Naustdal omsorgssenter. Kontakt styreleiar i NaustaElveigarlag, Eiliv Erdal (90521997).

Følgjande retningsliner gjeld:

• Fisk skal bløggast så rakst som mogeleg

• Ikkje legg fisken på bakken og unngå direkte kontakt med jord

• All handsaming av fisken skal gå føre seg med god handhygiene

• Fisken leggast i rein behaldar som er eigna for kontakt med næringsmiddel

• Om ikkje fisken kan transporterast til mottak med ein gong, må fisken kjølast ned/frysast midlertidig. Krav til kjølelagring er maksimalt 4 grader celsius. Fryselagring skal skje ved -18 grader celsius eller kaldare

§ 4 Kvotar og rapportering:

• Personleg døgnkvote på avliving av 1 laks t.o.m. 65 cm. Det er ikkje tillate å avlive laks over

65cm.

• Samlekvote per døgn for avliving av laks t.o.m. 65cm:

o For den delen av fiskeretten til Ellinor Friis, Mads Kleven og Eiliv Erdal under Naustdalsfossen som vert leigd ut samla: 8 laks

o Hogafossen: 2 laks

o Hovefossen: 6 laks (Frank Rune Ås og Ole Magnus Klopstad)

• I samband med desse tiltaka er fang og slepp avgrensa til 5 laks per fiskar per døgn.

• Fiske skal avsluttast straks døgnkvote er nådd.

• Døgnkvote går frå midnatt til midnatt.

• All fangst skal fortløpande rapporterast inn på www.inatur.no. Fiskar er sjølv ansvarleg for

fortløpande innrapportering av fangst. Feilrapportering eller mangelfull rapportering vert sett på som brot på fiskereglane, og handsam i tråd med reglane i § 6 (Straff).

• Fisk som blir tatt opp og avliva utover kvoten skal rapporterast til Elveigarlaget og leverast til Naustdal omsorgssenter.

• Det skal takast skjelprøver av all avliva fisk. Desse skal leverast leiar i laget innan 15.09.2026.

I sesongen vil det vere høve til å levere skjelprøver på Best-stasjonen i Naustdal, i postkassen til Eiliv Erdal, Berrvellene 7, og i ein låst postkasse som vert sett opp ved informasjonsskiltetpå Naustdalsfossen.

• All avliva fisk skal takast bilde av med måleband som tydleg viser lengde på fisken. Bildet skal strakst sendast til oppsyn (Taklo) på tel 911 68 932. Er fisken over 65cm skal det sendast melding til styreleiar Eiliv Erdal på telefon 905 21 997 og denne fisken skal leverast tilNaustdal omsorgssenter.

• Personleg døgnkvote på avliving av 1 sjøaure over minstemål på 35cm.

Evaluering

Rundt 23.06.2026 vil det bli gjennomført ei evaluering av innsiget av laks, og Nausta elveigarlag vil i lag med forvaltninga og Norsk institutt for naturforsking (NINA) vurdere og avgjere vegen vidare. Om det syner seg at det er grunnlag for endringar av fiskereglane, vert alle medlemmer i laget informert om dette. Midtsesongevaluering vil bli gjennomført rundt 10.07.2026.

§5 Desinfisering

Alt utstyr som skal nyttast til fiske i Nausta skal desinfiserast før ein startar fiske. Dei som kun brukarfiskeutstyret i Nausta er friteken frå dette kravet. Kvittering skal på forlangande visast fiskeoppsyn. Desinfiseringsstasjon er på Best bensinstasjon i Naustdal.

§6 Straff

Brot på reglane eller medverknad til brot er straffbart. Regelbrot kan medføre utestenging, gebyr ogmelding til Politiet. Fiske kan ikkje gjenopptakast før ilagt gebyr er betalt. Gebyr for brot påfiskereglane er kr 4000,- med unnatak for brot på kvote eller medverknad til dette, som er kr 8000,-

.

Personar som blir teke for kvotebrot, bortvisast frå fiske i elva i 2 år. Personar som har vistuakseptabel åtferd kan og bortvisast frå fiske i elva. Uakseptabel åtferd kan vere å ikkje imøtekomme oppsynets pålegg, opptre truande eller sjenerande for andre fiskarar og grunneigarar. Bortviste personar er sjølve ansvarlege for å avstå frå fiske. Om dette ikkje vert overhalde, vil utestengingautvidast. Fiske når vassdraget er midlertidig stengd straffast på lik line med brot på kvote. Fiskar harplikt til å løyse den statlege fiskaravgifta. Verneting for tvistesaker er Sunnfjord Forliksråd og eller Sunnfjord Tingrett.

§7 Ikraftreden

Desse reglane gjeld frå 01.06.2026.

 

Contact