Nasjonalt laksvassdrag i truet nasjonal laksefjord

Nausta er et uregulert laksevassdrag med utløp i Førdefjorden i Sogn og Fjordane. De naturgitte betingelsene for lakseproduksjon er gode, men fjorden trues av det vedtatte gruvedeponiet fra Engebøfjellet.

Hovefossen i Nausta
Hovefossen er en flott fiskeplass. Valdet er delt i en sone på oversiden av fossen og en på nedsiden. I selve fossen er det laksetrapp.
Fotograf

Oversikt over soner i kart finner du her
De forskjellige fisketilbyderne i elva finner du her

Generell beskrivelse av fisket

Fisket i Nausta er organisert gjennom enkeltgrunneigarar og valdsamarbeid. Det vert selt både dags- og vekekort, i tillegg til at mykje av fisket vert leigd ut på langtidskontrakt.

Fiskeregler

Følgjande reglar er fastsett for fiske etter anadrom laksefisk i Nausta. Frå og med 2023 skal alle som fiskar i Nausta registrere seg gjennom Inatur. Alle som skal fiske i Nausta må skaffe seg rapporteringskort hjå Inatur før fiske startar: Inatur Nausta. Rapportering av fangst skjer også via denne portalen. Alle som skal fiske i Nausta har plikt til å sette seg inn i gjeldande fiskereglar.
 

§1 Fisketid

  • Laks: 1. juni – 31. august 2025
  • Sjøaure: 15. juni – 15. august 2025

     

§2 Reiskapsbruk og fiskemetode
Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stong. Det kan berre nyttast ein reiskap per person, eitt snøre per reiskap og eitt agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Lovleg fiskereiskap er fluge, sluk, spinner, wobbler og makk. Krokar skal vere utan mothaker, og for makk er det berre tillate med sirkelkrok. Det er forbode å fiske på ein slik måte at fisken truleg vil krøkast. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm. Det er ikkje tillate å bruke søkke ved anna enn markfiske. Ved bruk at floge som agn, er det dupp eller snøre som skal utgjere kastevekta.


§3 Gjenutsetting og innlevering
Fisk som skal settast ut skal handsamast på ein skånsam måte og i tråd med praksis vist i foldaren «Gjenutsetting av laksefisk, Fang og slipp!». Denne ligg ute på heimesida til laget. Ein kan også laste den ned via denne lenka: https://lakseelver.no/nb/news-2016/gjenutsetting-av-laksefisk. For å redusere skadar på skjell og slim, skal det nyttast knutefri hov. Alle fiskarar skal ha kroktang samt innretning til å kontrollere lengda på fisken.


Fanga laks utover kvoten skal leverast til Naustdal omsorgssenter. Kontakt Eiliv Erdal (90521997).
Følgjande retningsliner gjeld:

  • Fisk skal bløggast så rakst som mogeleg
  • Ikkje legg fisken på bakken og unngå direkte kontakt med jord
  • All handsaming av fisken skal gå føre seg med god handhygiene
  • Fisken leggast i rein behaldar som er eigna for kontakt med næringsmiddel
  • Om ikkje fisken kan transporterast til mottak med ein gong, må fisken kjølast ned/frysast midlertidig. Krav til kjølelagring er maksimalt 4 grader celsius. Fryselagring skal skje ved -18 grader celsius eller kaldare


§ 4 Kvotar og rapportering:

  • Personleg døgnkvote på avliving av 1 laks t.o.m. 65 cm. Det er ikkje tillate å avlive laks over
    65 cm.
  • Samlekvote per døgn for avliving av laks t.o.m. 65 cm:
    • For den delen av fiskeretten til Ellinor Friis, Mads Kleven og Eiliv Erdal under Naustdalsfossen som vert leigd ut samla: 8 laks
    • Hogafossen: 2 laks
    • Hovefossen: 6 laks (Frank Rune Ås og Ole Magnus Klopstad)
  • I samband med desse tiltaka er fang og slepp avgrensa til 5 laks per fiskar per døgn.
  • Fiske skal avsluttast straks døgnkvote er nådd.
  • Døgnkvote går frå midnatt til midnatt.
  • All fangst skal fortløpande rapporterast inn på www.inatur.no. Fiskar er sjølv ansvarleg for fortløpande innrapportering av fangst. Feilrapportering eller mangelfull rapportering vert sett på som brot på fiskereglane, og handsam i tråd med reglane i § 6 (Straff).
  • Fisk som blir tatt opp og avliva utover kvoten skal rapporterast til Elveigarlaget og leverast til Naustdal omsorgssenter.
  • Det skal takast skjelprøver av all avliva fisk. Desse skal leverast leiar i laget innan 15.09.2025. I sesongen vil det vere høve til å levere skjelprøver på Best-stasjonen i Naustdal, i postkassen til Eiliv Erdal, Berrvellene 7, og i ein låst postkasse som vert sett opp ved informasjonsskiltet på Naustdalsfossen.
  • Personleg døgnkvote på avliving av 1 sjøaure over minstemål på 35cm.
     

Evaluering
21.06.2025 vil det bli gjennomført ei evaluering av innsiget av laks, og Nausta elveigarlag vil i lag med forvaltninga og Norsk institutt for naturforsking (NINA) vurdere og avgjere vegen vidare. Om det syner seg at det er grunnlag for endringar av fiskereglane, vert alle medlemmer i laget informert om dette. Midtsesongevaluering vil bli gjennomført rundt 10.07.2025.

Oppdatering 20.06.2025: Nausta Elveigarlag har bestemt at gjeldande fiskereglar blir forlenga. Det blir gjort ein ny vurdering om ei veke (i veke 26). Håpet er at det kjem meir fisk framover, som kan gjere det forsvarleg med eit større uttak. Beslutningen er tatt i samråd med forvaltninga og etter råd frå NINA. Vurderinga bygger på innsiget av laks til no, data frå andre elver i området og overvåkingsnot på vestlandskysten. Det er viktig at alle tar situasjonen på alvor og rapporterer inn fangsten. Det er og svært viktig at 65 cm grensa blir respektert av alle.

Oppdatering 03.07.2025: Nausta Elveigarlag har den 3. juli 2025, etter råd frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) og i samråd med forvaltninga, valgt å fortsette fiske med gjeldande reglar fram til 10.07.2025. Etter forskrifta skal vi då gjennomføre midtsesongevaluering av dei forhåndsavtalte tiltaka. Slik tala er no, er det fare for stenging av fiske. Om det blir tilfelle, kan vi opne for fiske seinare i sesongen dersom det kjem eit seint innsig.

 

§5 Desinfisering
Alt utstyr som skal nyttast til fiske i Nausta skal desinfiserast før ein startar fiske. Dei som kun brukar fiskeutstyret i Nausta er friteken frå dette kravet. Kvittering skal på forlangande visast fiskeoppsyn. Desinfiseringsstasjon er på Best bensinstasjon i Naustdal.


§6 Straff
Brot på reglane eller medverknad til brot er straffbart. Regelbrot kan medføre utestenging, gebyr og melding til politiet. Fiske kan ikkje gjenopptakast før ilagt gebyr er betalt. Gebyr for brot på fiskereglane er kr 4000,- med unntak for brot på kvote eller medverknad til dette, som er kr 8000,-. Personar som blir teke for kvotebrot, bortvisast frå fiske i elva i 2 år. Personar som har vist uakseptabel åtferd kan og bortvisast frå fiske i elva. Uakseptabel åtferd kan vere å ikkje imøtekomme oppsynets pålegg, opptre truande eller sjenerande for andre fiskarar og grunneigarar. Bortviste personar er sjølve ansvarlege for å avstå frå fiske. Om dette ikkje vert overhalde, vil utestenginga utvidast. Fiske når vassdraget er midlertidig stengd straffast på lik line med brot på kvote. Fiskar har plikt til å løyse den statlege fiskaravgifta. Verneting for tvistesaker er Sunnfjord Forliksråd og eller Sunnfjord Tingrett.
 

§7 Ikraftreden 

Desse reglane gjeld frå 01.06.2025.

Midtsesongevaluering

Nausta elveigarlag i samråd med NINA og Statsforvaltaren i Vestland kan vedta endringar av fiskereglane for Nausta gjennom sesongen.