Ung laksefiskar
Forvaltning/Fiskeregler

Oppsyn

På oppdrag frå Naustdal elveeigarlag har Faun Naturforvaltning ved underteikna teke på seg oppsynet i Nausta fiskesesongen 2020. Faun AS er eit frittståande konsulentselskap som levere tenester innanfor naturforvaltning og næringsutvikling til private og offentleg bedrifter i heile Noreg. Sjå gjerne vår heimeside www.fnat.no for meir informasjon.

JohanOspehaug
Onsdag 27.mai 2020 / 09:05

Nye fiskereglar:

Som eit ledd i arbeidet med oppsynet vart vi invitert med i samarbeidet Nausta og fleire andre elver i regionen har med Norske Lakseelver (NL)  og Statens Naturoppsyn (SNO) knytt til effektivisering av oppsynsordningar i elv. Som eit resultat av dette, har underteikna og  Torstein Rognes (engasjert av Norske Lakselver til elveoppsynsprosjektet) laga framlegg til fiskereglar for Nausta. Reglane er laga med grunnlag i fiskereglar frå Gaula og andre Trøndelagselver i tillegg til å legge inn gjeldande reglar for Nausta. Målet har vore å lage reglar som er greie å halde seg til for både fiskarar, oppsyn og ikkje minst sikre ei fornuftig og god forvaltning elva. Den viktigaste skilnaden i reglane frå 2019 til 2020 er § 6 (Straff). Denne er ny av året og vil gjere at ein no kan sette makt bak krava i fiskereglane, i tillegg til at fiskarane veit kva som vert konsekvensen av brot på kvoter og fiskeregler.

 

Om oppsynet i 2020:

Oppsynet vert i år gjennomført av to personar, underteikna og Gunnar Englund. Gunnar vil ha hovudansvaret for oppsynet i vekene 30-33 og 35 og underteikna i resten av fiskesesongen. Vi tek gjerne i mot tips om brot på fiskereglar eller kvoteordning. Det er ikkje sikkert vi har høve til å rykke ut på tips med ein gong, men vi skal følgje opp så rakst det let seg gjere. Sjå telefonnummer under. Om de ikkje når oss med ein gong, er det fint om de sender en SMS så ringer vi opp att så raskt vi kan.

 

Vi gler oss elles til å være ein resurs for fiskarane langs elva med det vi kan bidra med av vegleiing og informasjon.

Då er det berre for oss å ynskje alle skitt fiske, og håpe på godt innsig og mange flotte fiskeopplevingar i Nausta i 2020.

 

Tipstelefon:

  • Gunnar Englund: 913 19505 (veke 30,32,33 og 35)
  • Finn Olav Myhren: 468 98122

 

Faun Naturforvaltning AS

Fyresdal Næringshage, 3870 Fyresdal

www.fnat.no

www.facebook.com/faunnaturforvaltning