Fosshølen

Obs: Registreringkort for fangstrapportering må hentes på Inatur sine sider.

"Fosshølen og Jaralandet"
Ligger rett over Naustdalsfossen og er en meget viktig standplass for fisken i Nausta. Så lenge det har begynt å gå opp fisk i fossen så står det fiske på den sonen. Det er flere lure fiskeplasser her, og muligheten å stå på broen for å se om det går ny fisk gjør fosshølen ekstra spennende. 

Melding frå styret i Nausta elveigarlag frå og med 15.06.24:

På grunnlag av det følgjande har styret i NEL gjort eit vedtak om kraftig innskrenking av fisket i Nausta frå og med 15.06.24

Så langt i sesongen er det ikkje observert eit normalt innsig av laks. Det er dessutan meldingar om liknande tilstandar i vassdrag i nærleiken, som Flekke, Gaula, og  langs kysten elles. Også i Irland og Danmark er det meldingar om særs dårleg innsig og fiske. Fleire elvar i Noreg vurderer stenging. Eiliv Erdal har snakka med Helge Dyrendal i miljødiretoratet. Dyrendal seier at det er ein katastrofe i heile landet og dei skal ha møte i neste veke for å gjære innskrenkingar. Han anbefaler oss difor å sette reglar sjølv no, for då kan vi eventuelt sleppe opp att om det blir ein betre innsig seinare. Peder Fiske i NINA seier at det er vanskeleg å sjå moglege lyspunkt og meiner at vi må prøve å berge gytebestanden med kraftige restriksjonar på fiske. Silje Sikveland hjå Statsforvaltaren i Vestland anbefaler Dyrendal sitt forslag.

Vedtak:

Styret i Nausta Elveigarlag har bestemt seg for midlertidleg å stoppe alt fiske etter laks over 65 cm i alle tre soner. Dette er på grunn av det ekstremt dårlege innsiget og for å beskytte gytefisken. Det vert berre tillate å fiske etter smålaks og sjøaure med flue og innklemte mothaker.

Ut over dette oppmodar vi, i tråd med råd frå Norske lakseelver, alle fiskarar å sleppe all fanga fisk og understrekar at dette spesielt gjeld hofisk som er spesielt verdifull gytefisk. Vi må alle gjere ein innsats for å trygge at vi når gytebestandsmålet i år også. Om ikkje kan det verte fleire restriksjonar i tida framover.

Styret i Nausta Elveigarlag

Contact