Forvaltning/Lovverk

Organisering av villaksforvaltninga

Dei viktigaste verkemidla for vern og utvikling og verkemidla mot dei mest sentrale påverknadene av bestandane av vill anadrom fisk er tillagt tre departement: Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet.

Paal

Denne teksten er henta frå Handlingsplan for Villaks 2021

4.3.1 Statleg forvaltning

Dei viktigaste verkemidla for vern og utvikling og verkemidla mot dei mest sentrale påverknadene av bestandane av vill anadrom fisk er tillagt tre departement: Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet.

Fordelinga av ansvar mellom fleire statlege aktørar stiller krav til samhandling.

Miljøforvaltninga

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for vill anadrom laksefisk, og dei langt fleste bevaringstiltaka er finansierte over Klima- og miljødepartementets budsjett. Klima- og miljødepartementet har likevel ikkje verkemiddel til å handtere alle dei viktigaste påverknadene. Lov om laksefisk og innlandsfisk m.v. er i stor grad ei fullmaktslov og har mellom anna føresegner om kommunal planlegging, nasjonale laksevassdrag og laksefjordar, regulering av fisket, etablering av fredingssoner, fysiske tiltak i vassdrag, fiskeutsetjingar, organisering av rettshavarar, fiskaravgift, fangstrapportering og oppsyn. Det er fastsett ei rekkje forskrifter i medhald av lova.

Miljøstyresmaktene har ansvar for samordning av tiltak. Dette inkluderer ansvar for kunnskapsoppbygging om tilstanden til bestandane, under dette å vurdere påverknadene, påverknadsgrad og å vurdere samla belastning. Miljøstyresmaktene byggjer desse vurderingane på eiga initiert overvaking av bestandane og på overvaking og forsking som blir utført i regi av sektorstyresmaktene.

Statens naturoppsyn har det sentrale ansvaret for oppsynet med fiske etter anadrome laksefisk. Innsatsen i regi av styresmaktene er i hovudsak retta mot fisket i sjøen, mens oppsynet i elvene i hovudsak blir teke vare på av rettshavarane og lokale jeger- og fiskeforeiningar.

Vassdragsforvaltninga

Olje- og energidepartementet har hovudansvaret for vassdragsforvaltninga. Dette inneber at Olje- og energidepartementet har ansvaret for å innarbeide omsynet til laksens leveområde i vassdraga i saker som medfører fysiske inngrep eller vassføringsendringar og ved revisjon og omgjering av tidlegare gitte konsesjonar og fornyingar av vassdragskonsesjonar.

Dei sentrale lovene innan vassdragsforvaltninga er vassressurslova og vassdragsreguleringslova. Lovene er forvalta av Olje- og energidepartementet med Noregs vassdrags- og energidirektorat som viktigaste utøvande myndigheit.

Miljøforvaltninga er høyringspart i nye konsesjonssøknader og i revisjonssaker, og vil syte for å spele inn omsynet til blant anna villaks, eventuelt fremje motsegn. Miljøforvaltninga er sektormyndigheit for å foreslå og følgje opp naturforvaltningsvilkår i vassdragsreguleringskonsesjonar. Miljødirektoratet har ansvar for oppfølginga av vassdrag som fører anadrome fisk, mens ansvaret for å følgje opp vassdrag med berre innlandsfisk er delegert til statsforvaltaren. Som hovudregel er det krav om løyve etter vassressurslova for alle typar inngrep og verksemd i vassdrag som kan vere til nemneverdig skade eller ulempe for allmenne interesser, inklusive utbygging av små-, mini- og mikrokraftverk. Løyve til større vasskraftutbyggingar med reguleringar eller overføringar blir gitt etter vassdragsreguleringslova. Vassressurslova gir elles høve til å regulere andre typar inngrep enn kraftutbygging. Ei rekkje andre sektorlover kan òg kome til bruk ved behandlinga av vassdragssaker, i første rekkje lakse- og innlandsfisklova, forureiningslova, plan- og bygningslova, kulturminnelova, vassdragsreguleringslova og industrikonsesjonslova.

Av sektorovergripande lovverk er naturmangfaldlova, plan- og bygningslova og vassforskrifta dei viktigaste. Verneplan for vassdrag er, ved sida av konsesjonsbehandlinga, det viktigaste verktøyet for ei samla nasjonal forvaltning av vasskraftressursane. Det er anslått at om lag 45–50 TWh av Noregs samla vasskraftpotensial er varig verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan for vassdrag.

Andre fysiske inngrep, som blant anna grusgraving, kanalisering, forbygging, utfylling, drenering og fjerning av kantvegetasjon skal heller ikkje tillatast dersom dei er til nemneverdig skade for verneverdiane.

Vasskraftinteressene i dei nasjonale laksevassdraga er i stor grad avklart gjennom verneplanen. Samla plan som forvaltningsverktøy vart avvikla i samband med Meld. St. 25 (2015–2016) (energimeldinga). Ei avvikling av Samla plan inneber at alle større vasskraftprosjekt, i vassdrag som ikkje er verna, kan konsesjonsbehandlast på ordinær måte med melding, konsekvensutgreiing og søknad.

Konsesjonsbehandlinga skal sikre at alle viktige omsyn, deriblant miljøomsyn, blir avvegne på ein forsvarleg måte. I same energimeldinga går det fram at det vil bli greidd ut og lagt fram eit lovforslag som skal gi konsesjonsmyndigheita høve til å gi tidleg avslag i større vass- og vindkraftsaker. Tiltak som medfører vesentlege negative verknader for miljø eller anna arealbruk vil i så fall kunne få tidleg avslag. Høvet til å gi tidleg avslag vil fylle noko av den same funksjonen som behandling etter Samla plan. Det er ikkje avklart når lovforslaget vil liggje føre.

Havbruksforvaltninga

Nærings- og fiskeridepartementet har det overordna forvaltningsansvaret for oppdrettsnæringa og for å sikre fiskehelsa, også hos viltlevande fisk. Fiskeridirektoratet og Mattilsynet er rådgivande og utøvande organ for Nærings- og fiskeridepartementet innan forvaltning av havbruksnæringa og fiskehelse.

Oppdrett skal etablerast, drivast og avviklast på ein miljøforsvarleg måte. Miljøomgrepet i akvakulturlova er vidt og dekkjer både økologiske effektar og forureining. Føresegnene i lova skal sikre at omsynet til miljø blir teke vare på i alle trinn i produksjonskjeda. Tilsvarande følgjer det av matlova si føremålsføresegn, at lova skal ta vare på miljøvennleg matproduksjonen. Samla sett omfattar dette blant anna overvaking og tiltak for reduksjon av rømd oppdrettsfisk og overvaking, førebygging og nedkjemping av lakselus og andre fiskesjukdommar.

Akvakulturnæringa er pålagt internkontroll. Dette skal medverke til at næringa systematisk gjennomfører tilstrekkelege tiltak for å oppfylle styresmaktene sine krav til miljø, dyrehelse og dyrevelferd. Fiskeridirektoratet og Mattilsynet fører tilsyn etter forskrifta om internkontroll (IK Akvakultur). Myndigheitene si primæroppgåve i kontrollverksemda er å fastslå om det er samsvar mellom regelverket og praksis.

4.3.2 Kommunal forvaltning

Kommunane har ansvaret for ei rekkje oppgåver innanfor fiskeforvaltninga. Som planmyndigheit har kommunane ansvaret for å sjå til at omsynet til fiskeinteressene og ivaretaking av fisken og andre ferskvassorganismar sine økologiske funksjonsområde blir innpassa i planar etter plan- og bygningslova. Etter lakse- og innlandsfisklova har kommunane mynde til å gi pålegg om sal av fiskekort og nærare spesifiserte kultiveringstiltak, til å fastsetje ulike grenser i vassdrag, til å krevje oppretting av enkelte tiltak som er gjennomført i strid med lov eller forskrift og til å setje i verk tiltak i krisesituasjonar. I tillegg har kommunane ansvar for å leggje til rette for næringsutvikling og rekreasjon med utgangspunkt i fiskeressursane. Kommunane skal ta vare på desse ansvarsområda blant anna som samarbeidspartnar for rettshavarane ved utarbeiding av driftsplanar for vassdrag.

4.3.3 Privat forvaltning

Grunneigarane har som hovudregel eineretten til bruk av fastståande reiskap i sjø ved fiske etter anadrome laksefisk, og til alt fiske i elv. Organisasjonane på rettshavarsida og brukarsida utfører ein omfattande innsats for å ta vare på stammene av anadrome laksefisk og medverke til eit forsvarleg og lovleg fiske. Kultivering, oppsyn, regulering av fisket, organisering, bestandsovervaking, delar av kalkingsverksemda og tilrettelegging for fiske inngår i denne verksemda.

Mykje av det praktiske arbeidet skjer i samarbeid mellom rettshavarane, frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter. Rettshavarane har dei seinare åra fått større ansvar for forvaltninga av fiskeressursane. Det er innført pliktig organisering av rettshavarane i alle vassdrag med gytebestandsmål på 100 kg hofisk eller meir. Pliktig organisering er innført for å gi den lokale forvaltninga tilstrekkeleg mynde til å forvalte fiskebestandane og ta ansvar for sentrale oppgåver som fangstrapportering, oppsyn, kultivering, bestandsovervaking og regulering av fisket, og for å lette samarbeidet mellom offentleg og lokal forvaltning.

Det skal utarbeidast driftsplanar for alle vassdrag som er omfatta av kravet om pliktig organisering. Pliktig organisering er no innført eller er under etablering i dei fleste vassdraga som er omfatta av forskrifta. Miljødirektoratet har hatt eit nært samarbeid med organisasjonen Norske Lakseelver i samband med organiseringsprosessen. Norske Lakseelver er den største organisasjonen på rettshavarsida, og samarbeidet har vore avgjerande for heile organiseringsprosessen.