Litt informasjon før sesongstart
Det nærmar seg sesongstart for laksefisket i elva, og opningsdøgnet er for mange fiskarar årets høgdepunkt. Både fiskarar og forvaltarar ser med spenning fram til opninga.
Det nærmar seg sesongstart for laksefisket i elva, og opningsdøgnet er for mange fiskarar årets høgdepunkt. Både fiskarar og forvaltarar ser med spenning fram til opninga.
For inneværande femårsperiode er fisketida ved forskrift allerede fastsett frå 15. juni til 15 august.
På årsmøtet i elveigaralget no i mars vart fisketida bekrefta vidareført , og fiskereglane vidareført med nokre mindre justeringar. Elveigarlaget ser det som viktig å ta vare på dei store individa og å freda sjøauren.
Ei viktig sak på årsmøtet var spørsmålet om fangstbegrensing. Dei siste åra har me praktisert ei fangstbegrensing på 2 laks pr. sone pr. døgn. Dette er ei ordning som har fungert godt med hensyn til totalt uttak av fisk pr år, men det har vore noko misnøye og krav om endring av ordninga blant enkelte fiskerettshaverar. Då forvaltningslaget ikkje klarte å løysa usemje om fangstkvotar internt, vart Miljødirektoratet bedt om å klargjera regelverket på dette punktet. Miljødrektoratets tilbakemelding var å fordele fangstkvoter etter andeler. Eit utval har jobba med saka og peika på to alternativ, døgnkvote eller årskvote. Årsmøtet valde med klart fleirtal å gå for årskvote fordelt etter andeler.
Andelsberekning og fordeling mellom fiskerettshavarane er allereie gjort i samsvar med forskrifta om pliktig organisering og felles forvaltning av lakseførande vassdrag.
Ei årskvote for elva samla vert no fordelt mellom fiskerettshavarane etter andeler , og kortselgar fordeler denne kvota på sin sone utover i sesongen. For 2022 er den totale årskvoten for elva satt til 1000 laks, kor halvparten kan tas før midtsesong. Totaltkvoten for året vil kunne bli endra etter midtsesongevaluering.
Årskvoten for elva er sett høgt , då det er ei forventning om at ein del sonar ikkje vil klara å fiske sin kvote. 2022 vil vera eit prøveår for å få meir erfaring med størrelsen på årskvoten og korleis dette vil fungera.
Ellers gjorde årsmøtet vedtak om å vidareføra driftsavgifta som før, justera vedtektene og å gi fullmakt til styret til å gjera endringar som følge av midtsesongevalueringa i samsvar med førehandsavtale med Statsforvaltaren.
Når det gjeld val , vart det stort sett attval, også på leiaren Andreas Aune. Til nytt styremedlem i staden for Kurt Hagen vart Steinar Grindheim vald.
Ei anna interessant sak er oppfølging av tidlegare kartlegging av elva med konkrete prioriterte tiltak. Tiltaka omhandlar mellom anna ripping i elvebotnen og betra gyteområde i Sørelva, samt justering av fleire tersklar. I tillegg kjem tiltak i Prestabekken. Det er søkt om tilskot til tiltaka , og i mellomtida får styret ei ramme på kr. 300.000.- av eigne midlar til å gjennomføra tiltaka.
Så vert det viktig no å nytta tida fram til sesongstart til å rydda og klargjera for årets fiske slik at våre gjester kan få ei god oppleving der dei føler seg velkomne og som fører til nye besøk i elva og bygda vår.