

Forvaltning
Midtsesongevaluering 2024 - Elva framleis stengt for fiske
Etneelveigarlag har i kveld vedteke at elva framleis held stengt for fiske etter midtsesong. Vedtaket er basert på at ein pr vurderingsdato 8. juli ligg ca 20% bak fjoråret mhp kg ho laks over fella. Det vart diskutert å opna for fiske men innføra ytterlegare restriksjonar på fangst og fangstreiskap, men me landa på at med så mykje restriksjonar og omfang av fang og slepp, var det meir tenleg å la bestanden vera i fred. Det er ein kjedeleg situasjon, men som forvaltningslag må me først og fremst ta omsyn til bestanden av laks og sjøaure. Me vil fortsetja å følgja med på oppgang av fisk og me kan gjera nytt vedtak om fiske, om situasjonen forandrar seg vesentleg.
Andreas Aune