Sone 11 i Etneelva
Sone 11 i Etne egner seg godt for forskjellige fiskemetoder.
Forvaltning/Skjul

Kantvegetasjon

Kantvegetasjon har ein særs viktig funksjon for livet i og rundt vassdraget. Det er registrert at enkelte deler av vassdraget har manglande/fjerna kantvegetasjon. Frå Statsforvaltaren i Vestland har me blitt bedt om å formidla følgjande informasjon.

Andreas Aune
fredag 06.mai 2022 / 10:41

Det er ulovleg å fjerne kantvegetasjon langs vassdrag med årssikker vassføring, jf. § 11 i vassressurslova. Skjøtsel er lov (ein skal då ikkje kunne sjå at det har vore utført hogst), men den økologiske funksjonen til kantvegetasjonen skal ikkje øydeleggast.

Søknadsskjema for fjerning av kantvegetasjon finn du i nettsak her:

Kantvegetasjon langs vassdrag | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

I nettsaka er det informasjon om kvifor kantvegetasjonen langs vassdrag har stor verdi, funksjonane til vegetasjonen langs vassdrag, kven som er ansvarleg for kva når det gjeld kantvegetasjon, definisjon av skjøtsel m.m. Det ligg òg ein del informasjon om kantvegetasjon og regelverket på side 4-6 i søknadsskjema.