Sjøaure 5.2kg Etne
Sjøaure 5.2 kg

Midtsesongevaluering 2025 - Fiske fortset, men med sterkare vern av ho laks

Andreas Aune

Etne Elveigarlag har vedteke at fiske i elva held fram til 25. august som planlagt, men med den endring at all ho laks over 60cm skal setjast ut att i elva frå og med 15. juli. Sjå oppdaterte fiskerelgar her på nettsida eller på Elveguiden.

Bakgrunn for framleis fiske, er at oppgongstala så langt tydar på at me vil oppnå gytebestandsmålet med vesentleg betre margin enn i fjor. Justering av lengdebegrensning på ho laks kjem som følgje av at oppgong er noko svakare enn forventa, samt at det vert tatt ut meir ho laks enn forventa. Me ser at ein del ho laks vert avliva og rapportert som hann laks. Dette kan dokumenterast via bilete. 

Slik situasjonen er for villaksen er det viktig at me som har forvaltningsansvaret etablerar fornuftig regulering av fiske, men for at dette skal få den verknad me ynskjer er det viktig at reguleringa vert følgd. Me vil handheva fiskereglar strengare no i tida som kjem. Fiskereglar skal følgjast og brot på desse vil få konsekvensar. Me minnar om at all avliva fisk skal det leverast skjellprøvar av og alle som skal fiska må levera null fangst rapport i Elveguiden før fiske startar (gjeld kvart fiskedøgn, og for dei med sesongkort). Minnar og om at enkelte grunneigerar har lokale reglar, så sjekk kva som følgjer med fiskekortet.

Me trur at med den regulering som nå ligg til grunn, er det framleis gode fiskeopplevingar å få i Etneelva og ikkje minst at me bidreg til at det og er mogleg i åra som kjem.

Skit fiske!