Forvaltning

Midlertidig stans av all fiske i Etneelva for 2024

Etne Elveigarlag har  vedteke at all fiske i Etneelva vert stengt frå og med  søndag 23.06 kl 18:00 og fram til midtsesong.

Bakgrunn for vedtak, er at lav oppvandring av laks og sjøaure, ikkje gjer det forsvarleg å fortsetja med fangst av fisk. Det er klar forventning frå Statsforvaltar og MD at forvaltningslaga tar kraftfulle grep slik situasjonen er. Alle rapportar frå vassdrag i Noreg syner dramatisk svikt i oppgang av laks og sjøaure. Det same gjeld for Danmark, Storbritannia, Irland og Island. Alle forskingsinstitusjonar som rapportere til MD melder om dramatisk lite laks både i elvar og fjordar. Det er viktig at Elveigarlaget syner at me tar forvaltningsansvaret på alvor, og gjer det me kan for å sikra ein forsvarleg gytebestand.

Ny vurdering av situasjon vert gjort ved midtsesongevaluering, så vil oppgangstala avgjera kva som skjer etter midtsesong.

Andreas Aune