Elveside

Litt nytt frå fiskefella

AsbjornMoe
mandag 17.juni 2019 / 16:33

Den nasjonale forskingsplattforma i Etneelva har fleire føremål med fokus på både rømt og vill fisk. Plattforma i Etne er i dag eit av dei mest nøyaktige målepunkta for villaks, sjøaure og rømlingar i Europa. Gjennom det tverrfaglege arbeidet gir plattforma gode høve til oppgåver for studentar og stipendiatar.

Våren 2019 starta Håvard Kaland på si masteroppgåve som omhandlar fleirgangsgytarane. Kor mange er dei, kva betydning har dei for bestanden og smoltproduksjonen og har førekomsten endra seg over tid?

I løpet av 2019 vil det også bli samanstilt unike datasett på villaksen sin biologi og genetikk. Noko av det mest spennande framover, er å finna ut kva naturen sjølv vil gjera med genmaterialet frå oppdrettsfisk som har kryssa seg inn i etnelaksen før fiskefella vart etablert.

Oppsummert er hovudmåla med Nasjonal forskingsplattform,  slik:

a) Framskaffa presise data på rømt oppdrettsfisk (mengde, oppvandringsperiode, vektfordeling, kjønn, kjønnsmodning, rømingstidspunkt, genetisk samansetjing, helsestatus

b) Bidra med materiale og data til andre prosjekt og program ved Havforskingsinstituttet, herunder Nasjonal overvaking rømt oppdrettsfisk, Nasjonal luseovervaking, fiskehelse og  marin overleving hos villaks og sjøaure.

c) Fjerning av rømt oppdrettsfisk frå bestanden.

d) Ved oppfølging av avkom av gytebestandane 2013, 2014 og 2015 framskaffa data på  "Recovery rate" dvs i kva grad naturleg seleksjon filtrerar ut det innkryssa genmaterialet frå rømt oppdrettslaks over aldersklassar fram tom gytefisk.

e) Vidareutvikla tidsserien på villaks og sjøaure, med mengde, lengde, vekt, tidspunkt for oppvandring, alder og smoltårsklasse.