Miljødirektoratet
Miljødirektoratets bygning i Trondheim. Foto: Ezzex/Wiki Common.
Forvaltning/Organisering

Miljødirektoratet

Miljødirektoratet er det sentrale, utøvende og rådgivende organet i forvaltningen av laks, sjøørret og sjørøye (anadrom laksefisk). Målet er å bevare og gjenoppbygge bestandene, slik at mangfoldet innen artene sikres og manutnytte overskuddet. 

Paal
Fredag 26.juni 2015 / 10:37

Miljødirektoratet har fullmakt til å gi enkeltvedtak og forskrifter med heimel i lakse- og innlandsfiskelova. I tillegg til å gi reglar om fiske etter laks, sjøaure og sjørøye, kan direktoratet mellom anna gi reglar knytta til organisering og drift av vassdrag, fiskekultivering, fangstrapportering og fiskeoppsyn.

Fagområde knytte til villaksen som Miljødirektoratet brukar mykje ressursar på er vassdragsregulering, kalking av vassdrag og nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Byggjer opp kunnskap

Dei siste åra har Miljødirektoratet brukt mykje ressursar på å byggje opp fagsystem som lakseregisteret og metodikk  som skal hjelpe oss i forvaltninga av vassdrag og bestandar. Naturmangfoldlova legg føringar for at kunnskapsgrunnlaget skal vere godt nok å gi kompetente fagvurderingar og godt begrunna vedtak.

Direktoratet gir økonomisk støtte til forskning og overvaking for at nødvendig kunnskap skal byggast opp og haldast ved like. Forvaltningsråd blir henta inn mellom anna av Vitskapsrådet for lakseforvaltning og frå møte i Samarbeidsrådet for anadrome laksefisk.

Fiskefondet

Miljødirektoratet forvaltar inntektene betalt inn til Statens fiskefond. Fiskefondet byggjer på inntektene frå fiskaravgifta som staten krev inn for at ein skal kunne fiske etter laks, sjøaure og sjørøye.

Inntil 2001 var det krav om å betale fiskaravgift for å fiske etter innlandsfisk, men ordninga vart avslutta mellom anna for å stimulere til meir friluftsliv. Delar av Statens fiskefond blir brukt til lokale og regionale fisketiltak etter at søknadene først er prioriterte av fylkesmennene. Nasjonale tiltak og prosjekt blir vurdert av direktoratet.

Koordinerande rolle og samarbeid

Miljødirektoratet har instruksjonsrett overfor fylkesmennenes miljøvernavdelingar, og utarbeider oppdrag, retningslinjer og budsjett for saksområde som er delegerte til fylkesmennene. Oppfølgjing av arbeidsoppgåver skjer gjennom tildelingsbrev med budsjett, og ein styringsdialog som følgjer bestemte rutinar og tidspunkt gjennom året.

I den daglege lakseforvaltninga har direktoratet mykje kontakt og samarbeid med andre forvaltningsetatar, forskningsinstituasjonar og organisasjonar. Dette gjeld for eksempel Fiskeridirektoratet om ulike sider ved fiskeoppdrett og effektar på villfisk, det gjeld Norges vassdrags og energidirektorat om effektar av vassdragsregulering, og det gjeld Mattilsynet om fiskesjukdommar.

Kilde: Miljødirektoratet.