Storelva i Hornindalsvassdraget
Anadrom del av vassdraget er markert på kart. Alle frå 18 år skal betale ei årleg forvaltningsavgift (eingongsavgift) til laget for å fiske etter anadrom fisk.
Det er lov å fiske etter anadrom fisk i perioden 01.06 - 31.08. I Storelva er det i tillegg til den tida det er opna for fiske etter laks eller sjøaure, tillate å fiske innlandsfisk i tidsrommet frå og med 15. mars til og med 30. september.
Fiskeregler
Alle over 16 år som ikkje er rettigheitshavarar i Storelva skal ha gyldig fiskekort. I Storelva er det i tillegg til den tida det er opna for fiske etter laks eller sjøaure, tillate
å fiske innlandsfisk i tidsrommet frå og med 15. mars til og med 30. september.
Stong og handsnøre
Ved fiske er det lov å nytte ei stong eller eitt handsnøre pr. person. Det er lov med inntil 2 agn pr. stong eller handsnøre.
Agn
Følgjande agn er lov å bruke: mark, sluk, spinner, wobbler og fluge. Det er forbode å bruke levande fisk som agn.
Generelt
Skjelprøvetaking og fangstrapportering (i Elveguiden) av all fisk over 40 cm. Alt utstyr som er nytta i anna vassdrag skal desinfiserast før bruk i Storelva. (Gjeld
både fiskeutstyr, båtar, kanoar, kajakkar, våtdrakter, vannscooter og liknande.)
Fiske og utstyr som er i strid med desse fiskereglane er forbode.I samsvar med nasjonale reglar er det forbode å fiske ål.