FREDNINGSSONE Kviafossen og Dammen

Fredningssonen gjelder i området nedanfor Kviafossen og fram til ca. midt på kraftverksdammen som er bygd midt i fossen.

Kviafossen vart i tidsrommet 1915-1967 nytta til kraftproduksjon. I den forbindelse så vart det bygd ei demning midt i fossen. Under er det klipt inn teksta ifrå lovdata om fredingssona.

KommuneVassdragFredingssone
EidKviafossen i EidselvaAvgrensa nedstraums av ei rett line ca. 40 m frå nedste kulpen i trappa, som er trekt frå ein bolt i øvste enden av den nedste kvernmuren på sørsida av elva til eit punkt merkt med ein raud kross midt på fjerde karet i jernrøyrgata på nordsida av elva rekna frå kraftstasjonen. Avgrensa oppstraums av ei rett line tvers over elva, ca. 70 m ovanfor demningsmuren, frå vestre kanten av bustadhuset på gnr. 4, bnr. 12 på sørsida til ei kraftleidningsmast på nordsida av elva.

 

I fossen vart det i 1967 bygd laksetrapp for å lette oppgangen for laks og aure, men fisk av alle storleikar kjem seg opp fossen også, om ikkje på alle vasstandar.

I fredingssona, oppe på dammen, er det lagt ut ei sikkerhetsline for å hindre at båter og badande skal gå over kanten av demninga.