Storlakselva i vest

Både dype og grunne områder, stryk, virvler og rolige partier danner Eidselvas unike landskap. Den meandrerende elvestrekningen byr på varierte kvaliteter og god mulighet for storfisk som er utnyttet i flere årtusner.

Kart over soner finner du her
Oversikt over fisketilbydere hvor du får kjøpt fiskekort finner du her.

Generell beskrivelse av fisket

Elva er lakseførende opp til Horninndalsvannet, ca 10,5 km. Elva er delt i tre deler. Nederste del (Eidselva) fra fjorden og opp til Hornindalsvannet.
Selve Hornindalsvatnet og Storelva.

Fiskeregler

Her leser du fiskeregler for Hornindalsvassdraget 2022. 
(Scroll for å se regler for Eidselva, Hornindalsvatnet og Storelva)
 

«Frå og med sesongen 2022 skal alle (unntatt personar under 18 år) som fiskar i Hornindalsvassdraget løyse forvaltningskort. Midlane skal gå til ulike forvaltningstiltak i vassdraget. Prisane for forvaltningskortet er:

o Eidselva kr 100,- (Omfattar heile vassdraget)

o Vatnet kr 20,- (Omfattar KUN Hornindalsvatnet)

o Storelva kr 50,- (Omfattar Storelva og Hornindalsvatnet

Personar under 18 år treng ikkje betale forvaltningsavgift.

Ved registrering  på www.elveguiden.no (Laksebørsen) kan ein betale forvaltningskort/avgift. Dette skal ein gjere før fiske startar. Rapportering av fangst og dokumentasjon for desinfisering skjer via denne portalen.»

Løys forvaltningkortet her!
 

§ 1 Fisketid

Fisketida i elva er frå 1. juni til og med 31. august.

Styret i Hornindalsvassdraget forvaltningslag SA vil vurdere eventuelle endringar av restriksjonar årleg den 15. juli i forbindelse med midtsesongvurderinga. I tillegg kan det kome endringar på kort varsel både på fisketid, kvoter og reglar basert på vassføring, vêrforhold, fangstar eller andre årsaker. Ved vannføring under 7m3 eller vanntemperatur over 18 grader vil styret vurdere tiltak. Dette blir i så fall kunngjort på internett og Facebook, i tillegg til at eigar/utleigar/kortselgar vil opplyse om dette ved kjøp av fiskekort.

Eit av dei moglege tiltaka «Lett fiske»* kan bli innført i vassdraget på kort varsel. Stopp i fisket kan i svært spesielle tilfelle verte innført i vassdraget.

Bruk av undervassdrone og vasskikkert er forbode.

*) Lett fiske er fiske med:

·         flue der flytande dupp eller flytande fluesnøre utgjer kastevekta

·         mark med maksimalt 5 gram søkke (inkl. evt. svivlar)

·         Sluk, spinnar og wobbler er forbode

 

§ 2 Fisket

Gyldig fiskekort, forvaltningskort og fiskeravgiftskort skal alltid bringast med under fisket og vises på oppfordring frå andre med gyldig fiskekort eller kontrollkort. Korta kan visast fram i elektronisk eller fysisk utgave. Forvaltningskort for Eidselva får en kjøpt på elveguiden.no

Deling av kort eller overdraging av kort til andre er forbode, med unntak for Fadderordninga som gjeld dei under 16 år.

Bevegeleg fiske skal praktiserast.

Maks samanhengande fisketid pr. høl er ein halv time.

Det er forbode å bruke stang eller snøre på en slik måte at fisken sannsynlegvis kan krøkast.

Parkering berre der det er anvist.

Trakk ikkje unødig på dyrka mark, gjeld også parkering.

Lat skikkeleg att alle led og portar etter deg.

Kast ikkje søppel i naturen. Det du tar med til fiske tar du også med deg heim.

Vi minner om det generelle bålforbodet, og at det er ikkje lov å gjere opp eld, gjeld også eingongsgrillar, langs elva.

 

§ 3 Reiskapsbruk

Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stang. Det kan berre brukast eit reiskap per person, eit snøre per reiskap og eit agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Som agn er det berre tillate å bruke naturlig mark, sluk, spinner, fluge og wobbler. Fiske med reke er forbode.

Ved innførsel av naturlig mark til Norge må nasjonalt regelverk følges.

Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje være større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm.

Ved bruk av flue som agn skal flytande dupp eller fluesnøret utgjer kastevekta, dvs. at vekta ikkje skal ligge i kroken, i tuben eller i annan del av utstyret. Bruk av søkke er berre tillate ved fiske med mark. Ved fiske med dupp skal duppen flyte på overflaten. Det er forbode å fiske på en slik måte at det er sannsynleg at fisken vil krøkes.

§ 4 Fangstkvotar

Laks

Kvote for laks er maks 2 stk. pr 12t-kort og 4 stk. pr døgnkort inkludert catch and release.

  • All laks tel på kvota for 12t og døgn, også catch and release.
  • Ved kjøp av fleire kort i parallell så får ein ikkje utvida kvote.
  • Når døgnkvoten er nådd, kan man ikkje avlive fleire laks før nytt fiskedøgn startar.
  • Om ein har kort eit døgn, så kan ein fiske 4 laksar når som helst dei 24 timane ein har gyldig fiskekort.

Totalkvota er på 10 laks pr. fiskar for sesongen. Laks over 3kg går på årskvota. Laks under 3 kg går ikkje på årskvota.

Sesongkvoten for laks er det tal laks en person kan fiske i løpet av en sesong. Catch and release er inkludert i dette talet.

 

Sjøørret

Sjøørreten er freda for sesongen 2023, men skal rapporterast.

 

Generelt

  • Det er personen som kroker fisken som må ta den på kvoten.
  • Fiskedøgnet følgjer start/sluttid på fiskekortet (for sesongkort følgjes datodøgnet).Kvotene gjeld for den enkelte fiskar og kan ikkje overførast.

 

Når sesongkvoten er nådd skal alt fiske avsluttast inntil ny sesong startar.

 

Gjenutsetting skal gjerast så skånsamt som mogleg. Sjå meir informasjon om skånsam gjenutsetting på lakseelver.no

Skadet fisk, som man er i tvil om vil overleve en gjenutsetting, skal avlivast og rapporterast.

Oppdrettslaks, Regnbogeaure og Pukkellaks skal alle avlivast og rapporterast på linje med annan fangst,

men desse går ikkje på nokon kvote.

 

§ 5 Minstemål

All laks under 40 cm skal settast levende ut igjen. Vinterstøingar skal settast ut. Vi oppmodar om at all gytefarget laks settast levende ut. Fisk som er satt levende ut igjen for å følge denne paragrafen regnast ikkje med i kvotene, men skal rapporterast.

 

§ 6 Fangstrapportering

All fangst skal innrapporterast elektronisk på elveguiden.no / evt. i appen til elveguiden snarast råd og seinast etter 24 timar.  Også fisk som er satt ut igjen skal rapporterast, samt Regnbogeaure, Oppdrettslaks og Pukkellaks. Har du ikkje fått noko fisk du har rapportert på etter en fisketur så skal du rapportere inn 0-fangst på elveguiden.no:

All fisk < 40 cm  /  Ingen fanga fisk  -> Skal rapporterast inn som 0-fangst.

 

Fiskaren har ansvaret for å ta og levere skjelprøve av all avliva fisk. Skjella leggast i skjelprøvekonvolutt der all etterspurt informasjon skal registrerast. Skjelprøvekonvolutten skal leverast i postkassa på Staten. Skjelprøvekonvoluttar fåast på Chatlet eller hos grunneigar der ein kjøper kort.

 

Fiskaren er ansvarleg for at fangst er rapportert med korrekte opplysningar. Sjuk fisk skal rapporterast snarast til elveigarlaget, anten direkte til elveigarlaget eller til eigar/utleigar/ kortselgar som rapporterer vidare.

 

§ 7 Regulering av fiske ved fossar, stryk og bruer

Det er forbode å fiske i frå midt på kraftverksdammen på Nor og ned til grensa som er merka med skilt nedanfor Kviafossen.

Det er forbode å fiske frå bruer og brukonstruksjonar.

Det er forbode å fiske i området frå Skipenesbrua og 20 meter nedstrøms frå Skipenesbrua.

 

§ 8 Desinfisering av fiskereiskap og anna utstyr

All fiskereiskap, håvar, vadarar, vadebukser, sko og alt anna utstyr som er brukt i andre vassdrag same sesong skal desinfiserast på godkjent desinfiseringsstasjon på Nordfjordeid. Ved innførsel av fiskeutstyr, håvar, vadarar, vadebukser, sko og annet utstyr til Norge skal alt være reingjort og desinfisert før det kan takast i bruk i elvene. Attest på at dette er utført skal vises fram ved leie av fiske eller kjøp av fiskekort.

Attesten skal tas med og vises fram ved eventuelle kontroller. Desinfisering er inkludert i forvaltningskortet.

 

§ 9 Straffebestemmingar

Brot på reglane samt medverking til brot er straffbart. Brot på reglane kan medføre utestenging ifrå elva og ein kan verte meldt til politiet.

Personar som blir tatt for kvotebrot eller uakseptabel åtferd kan verte vist bort for inntil to år frå elva. Ved skjerpande tilfelle kan utestenginga verte utvida. Utestengde fiskarar er sjølve ansvarlege for å avstå frå fiske. Dersom dette ikkje vert følgt vil utestenginga utvidast. Bortvising vil også verte rapportert til dei andre grunneigarlaga i området.

Ved manglande rapportering eller innlevering av skjelprøve kan ein verte vist bort frå elva.

Eigar/utleigar/kortselgar har plikt til å orientere om gjeldande regelverk i elva, samt å kontrollere om fiskaren har løyst fiskaravgift og har gyldig desinfiseringsattest, som beskrive over.

Ved en eventuell tvist vil saken verte køyrd i Fjordane tingrett.

 

§ 10 lkraftsetjing

Reglene trer i kraft 15.mai 2023.