Eidselva stengt for fiske resten av 2025-sesongen

Eidselva er stengt for fiske resten av 2025 sesongen.

Jørn Svarstad
Til orientering:
10.juli var styret i Hornindalsvassdraget forvaltningslag, styret i Eid elveigarlag, fagrådet i Eidselva, fagrådet i Hornindalsvassdraget forvaltningslag og representantar frå styret i Eid sportsfiskarlag.
Styret i Hornindalsvassdraget forvaltningslag og styret i Eid elveigarlag har vedtatt å ikkje opne Eidselva for laksefiske ut sesongen 2025.
Det er framleis stor usikkerheit om grad av oppgang av villlaks i Eidselva. Sidan det er berre tillat å fange laks mellom 40cm og 65 cm kan det medføre stor grad av «fang og slepp» i ei elv som no er venta å få lågare vassføring og med høgare temperatur på vatnet. I følgje Norsk institutt for naturforskning (NINA) vil fang og slepp ved høg vasstemperatur føre til så stor fysiologisk påkjenning at fisken kan døy ved gjenutsetting. Vermeldingane framover syner sol og høge temperaturar, og difor vel vi å ikkje ta fleire vurderingar om opning. Vi vel å holde elva stengt ut 2025-sesongen.
Naboelvane våre, Gloppenelva og Stryneleva, har også stengt for laksefiske ut sesongen 2025. Oppgang av laks i desse elvane har vore låg eller svært låg. Statistikkar frå andre elvar på Vestlandet syner også låg oppgang av villaks.
Forvaltninga i Eidselva har hatt utfordringar med dei to videokamerane som står ved Skipnesbrua, noko som har ført til at vi ikkje fått oversikt over oppgang av laks i Eidselva slik vi hadde håpa på. Vi veit difor lite om kor mykje fisk som har gått opp. Vi har difor landa på at denne usikkerheita skal kome villaksen til gode, og difor ønskjer vi ikkje opne for laksefiske i Eidselva resten av sesongen.
Vi veit at både fiskeretthavarar og fiskarar har gleda seg til laksesesongen i Eidselva, og det har ikkje vore lette avgjersler om å ikkje opne Eidselva. Tvert imot. Det har vore mange og lange møter der ein har gjennomgått ulik informasjon som vi har hatt tilgang til. Vi har vore mange som har deltatt på møta – både fiskeretthavarar, fagråda og representantar frå Eid sportsfiskarlag. Det har vore ein styrke å kunne samle så mange rundt eitt bord for å ta viktige avgjersle om villaksen i Eidselva. Det er ein styrke å samle alle gode krefter som ønskjer å forvalte villaksen i Eidselva – no og for framtida.
Helsing
Styret i Hornindalsvassdraget forvaltningslag
Styret i Eid elveigarlag