Fiskereglar Hornindalsvatnet 2025

Her kan du lese fiskereglane for Hornidalsvatnet 2025.

Jørn Svarstad

Fiskereglar i Hornindalsvatnet 2025

  • Alle over 16 år skal ha gyldig fiskekort og ha registrert forvaltningskort (kr. 50) på elveguiden.no.
  • Rettigheitshavarar i Hornindalsvatnet skal ha gyldig grunneigarkort og ha registrert forvaltningskort (kr. 50) på elveguiden.no 

 

Stong, handsnøre og oter 

Det er tillate å fiske aure/ innlandsfisk med stong og handsnøre heile året, og med oter i tidsrommet 15. mai – 25. september. Slikt fiske kan berre skje i avstand på minst 100 m i luftline frå elveos. Fiske etter ål og laks er forbode. Evt. laks som vert fanga skal setjast ut igjen. Skada laks - som må avlivast, skal leverast til Svein Navelsaker (nordsida), tlf.: 416 35 790 eller til Håvard Holmøyvik (sørsida), tlf.: 414 27 931 – for nedfrysing. Trolling/ djupvassdorg ved hjelp av blyline, søkkje, paravan e.l. er ikkje tillat. 

 

Agn 

Følgjande agn er lov å bruke: mark, sluk, spinner, wobbler og fluge. Det er forbode å bruke levande fisk og reker som agn. 

 

Fiske frå land 

Ved fiske frå land er det lov å nytte ei stong eller eitt handsnøre pr. person. Det er lov med inntil 2 agn pr. stong eller handsnøre. Det er ikkje lov å bruke fastståande stong eller handsnøre. 

 

Fiske frå båt 

Ved fiske frå båt er det lov å bruke inntil 2 reiskap samtidig (stong/ handsnøre/ oter). Stong og handsnøre kan berre ha eitt agn pr. reiskap. Oter kan nyttast med inntil 8 fluger, og berre ein oter per båt). 

 

Generelt 

  • Skjelprøvetaking og fangstrapportering i Elveguiden.no, innan 24 timar etter avslutta fiske:
    • All fisk over 40 cm skal takast skjelprøver av, og rapporterast som ein og ein fisk.
    • All fisk mindre enn 40 cm skal rapporterast som tal fisk i eige skjema for Hornindalsvatnet.
    • Har du fiska utan å få fangst skal dette rapporterast som «Ingen fangst».
  • Alt utstyr som er nytta i anna vassdrag skal desinfiserast før bruk i Hornindalsvatnet. (Gjeld både fiskeutstyr, båt, kano, kajakk, vannscooter og liknande.)
  • Fiske og utstyr som er i strid med desse fiskereglane er forbode. 

Konsekvensar ved brot på fiskreglar

  • Fiske utan løyve (3)
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører advarsel.
    • Tredje gong medfører bortvisning.
  • Mangel på desinfisering av reiskap/utstyr og farkost (2):
    • Medfører bortvising.
  • Ulovleg reiskap (1):
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører bortvising.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen.
  • Bruk av ulovleg garn:
    • Medfører politianmeldelse.
  • Manglande registrering av forvaltningskort (1):
    • Medfører rettleiing.
  • Manglande rapportering (1):
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører advarsel.
    • Tredje gong medfører bortvising.
  • Manglande uttak/levering av skjelprøver (1):
    • Medfører rettleiing.

 

For grunneigarar i Hornindalsvatnet gjeld særreglar for fiske med garn etter innlandsfisk i samsvar med Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane, sist endra i 2018. https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2018-04-06-539?q=Forskrift%20o…

 

Kort resume: 

  • Aust for ei line vest for Årvikneset og vest for Andeneset er det tillate å fiske med botngarn og ned-dykte garn med største maskevidd 31 mm heile året.
  • Aust for ei line mellom Bakkeneset og Grønløkjen er det tillate å fiske med botngarn og flytegarn med største maskevidd 39 mm i tidsrommet 15. mai–25. september.
  • Ved utløpet av Storelva (Ytrehorn/ Kyrkjhorn) er garnfiske tillate utanfor ei linje ca. 150 m frå elveosen og i ca. 200 m breidde ute på vatnet. 

Alle garnlenkjer skal merkast med fiskaren sitt namn eller gnr./ bnr. på endeflottøren mot land.

Kart Hornidalsvatnet

Vedteke på årsmøtet i Hornindalsvassdraget Forvaltningslag SA 14. april 2025