Flata foran Skipenesbrua ein vårdag

Fiskereglar Eidselva 2025

Her kan du lese fiskereglane for Eidselva 2025.

Jørn Svarstad

§ 1 Fisketid

Fisketida i elva er frå 1. juni til og med 31. august.

Styret i Hornindalsvassdraget forvaltningslag SA vil vurdere eventuelle endringar av restriksjonar årleg i forbindelse med midtsesongvurderinga. I tillegg kan det kome endringar på kort varsel både på fisketid, kvoter og reglar basert på vassføring, vêrforhold, fangstar eller andre årsaker. Ved vannføring under 7m3 eller vanntemperatur over 18 grader vil styret vurdere tiltak. Dette blir i så fall kunngjort på internett og Facebook, i tillegg vil eigar/utleigar/kortselgar opplyse om dette ved kjøp av fiskekort.

 

Eit av dei moglege tiltaka «Lett fiske»* kan bli innført i vassdraget på kort varsel. Stopp i fisket kan i svært spesielle tilfelle bli innført i vassdraget.

*) Lett fiske er fiske med:

  • Fluge eller mark der flytande dupp eller flytande flugesnøre utgjer kastevekta
  • Mark med søkke under 5 gram
  • Sluk, spinnar og wobbler er forbode

§ 2 Fisket

Gyldig fiskekort, forvaltningskort og fiskeavgiftskort skal alltid bringast med under fisket og vises på oppfordring frå andre med gyldig fiskekort eller kontrollkort (fiskeoppsyn). Korta kan visast fram i elektronisk eller fysisk utgåve. Forvaltningskort for Eidselva kan ein kjøpe på elveguiden.no

 

Før kjøp av forvaltningkort må en ha lest fiskereglane og sett videoen om gjenutsetting / skille på vill/oppdrett/art:

 

 

 

 

 

 

Ved kjøp av kort hos Sportsfiskerlaget er deling av kort eller overdraging av kort til andre forbode, med unntak for Fadderordninga som gjeld dei under 16 år.

Bevegeleg fiske skal praktiserast.

Maks samanhengande fisketid pr. høl er ein halv time.

Det er forbode å bruke stang eller snøre på ein slik måte at fisken sannsynlegvis kan krøkast.

Parkering berre der det er anvist.

Trakk ikkje unødig på dyrka mark, gjeld også parkering.

Lat skikkeleg att alle led og portar etter deg.

Kast ikkje søppel i naturen. Det du tar med til fiske tar du også med deg heim.

Vi minner om det generelle bålforbodet.

§3 Reiskapsbruk

Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stang. Det kan berre brukast ein (1) reiskap per person, eitt snøre per reiskap og eitt agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. 

Som agn er det berre tillate å bruke naturleg mark, sluk, fluge og wobbler. Fiske med reke er forbode.

Forbod mot spinner 

Bruk av sirkelkrok ved makkfiske. 

Kun tillatt å bruke knuteløse håv.

Ved innførsel av naturleg mark til Norge må nasjonalt regelverk følges. 

Berre eitt kroksett pr.agn (enkelkrok, dobbelkrok eller trippelkrok)

Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm.

Ved bruk av fluge som agn skal flytande dupp eller flugesnøret utgjere kastevekta, dvs. at vekta ikkje skal ligge i kroken, i tuben eller i annan del av utstyret. Bruk av søkke er berre tillate ved fiske med mark. Ved fiske med dupp med fluge/mark skal duppen flyte på overflata.

Det er forbode å fiske på ein slik måte det er sannsynleg at fisken vil krøkes.

 

§4 Fangstkvotar

Laks

Kvote for laks er maks 1 stk. pr døgnkort.

  • Laks under 40 cm og over 65 cm er freda.
  • All laks tel på kvota for døgn, både for avliva og utsatt fisk
  • Ved kjøp av fleire kort i parallell får ein ikkje utvida kvote.
  • Når døgnkvoten er nådd, skal ein avslutte fisket.
  • På døgnkort kan ein fiske 1 laks når som helst dei 24 timane ein har gyldig fiskekort.

Totalkvota er på 3 avliva laks pr. fiskar for sesongen.  

Totalkvota for fang og slepp er på 5 laks pr. fiskar for sesongen. 

 

 

Sjøaure:

Kvote for sjøaure er 0 stk (sjøaure er freda for sesongen 2025).

NB! Skal rapporterast som gjenutsatt.

Generelt

  • Det er personen som kroker fisken som må ta den på kvoten. Fiskedøgnet følgjer start/sluttid på fiskekortet (for sesongkort følgjes datodøgnet).
  • Kvotane gjeld for den enkelte fiskar, og kan ikkje overførast.

Når sesongkvoten er nådd skal alt fiske avsluttast inntil ny sesong startar.

Gjenutsetting skal gjerast så skånsamt som mogleg. Sjå meir informasjon om skånsam gjenutsetting på lakseelver.no 

Skada fisk, som ein er i tvil om vil overleve gjenutsetting, skal avlivast og rapporterast.

Laks og sjøaure som må avlivast leverast til Jørn Frode Svarstad (tlf 915 56 296).

Oppdrettslaks, regnbogeaure og pukkellaks skal alle avlivast og rapporterast på linje med annan fangst, men desse går ikkje på nokon kvote.

Pukklelaks som blir fanga kan i leverast i IBC-container merka pukkellaks på adresse Norsvegen 121 (Pål Nyttingnes).

 

§ 5 Minstemål

All fisk under 40 cm skal settast levande ut igjen. Vinterstøingar skal settast ut. Vi oppmodar om at all gytefarga fisk blir sett ut levande. Fisk som er sett levande ut igjen for å følge denne paragrafen regnast ikkje med i kvotene, men skal rapporterast.

 

§ 6 Fangstrapportering og registrering av fisketrykk

Fangstrapportering

All fangst skal innrapporterast elektronisk på elveguiden.no / evt. i appen til elveguiden snarast råd og seinast innan 24 timarOgså fisk som er sett ut igjen skal rapporterast, samt regnbogeaure, oppdrettslaks og pukkellaks. Ingen fangst skal rapporterast inn som 0-fangst på elveguiden.no.

  • All fisk < 40 cm    ->       Skal rapporterast inn som 0-fangst
  • Ingen fanga fisk    ->       Skal rapporterast inn som 0-fangst

Fiskaren har ansvaret for å ta og levere skjelprøve av all avliva fisk. Legg skjella i skjelprøvekonvolutt der all etterspurt informasjon skal registrerast. Skjelprøvekonvolutten skal leverast i postkassa på Staten, i postkassa på brua ved Nor eller til kortutstedar. Ein får skjelprøvekonvoluttar på Chatlet eller hos grunneigar der ein kjøper kort.

Fiskaren er ansvarleg for at fangst er rapportert med korrekte opplysningar. Sjuk fisk skal rapporterast snarast til elveigarlaget.

 

 

Registrering av fisketrykk

På Forvaltningskortet (elvekortet) blir det i år fortløpande registrering av fisketrykk. Ein må derfor snarast råd og seinast etter 24 timar etter fiske registrere kor mange timar det vart fiska. Dette gjeld både for døgnkort, vekekort og sesongkort.

§ 7 Regulering av fiske ved fossar, stryk og bruer

Det er forbode å fiske i frå midt på kraftverksdammen på Nor og ned til grensa som er merka med skilt nedanfor Kviafossen.

Det er forbode å fiske frå bruer og brukonstruksjonar.

Det er forbode å fiske i området frå Skipenesbrua og 20 meter nedstrøms frå Skipenesbrua.

§ 8 Desinfisering av fiskereiskap og anna utstyr

All fiskereiskap, håvar, vadarar, vadebukser, sko og alt anna utstyr som er brukt i andre vassdrag same sesong skal desinfiserast på godkjent desinfiseringsstasjon på Nordfjordeid. Ved innførsel av fiskeutstyr, håvar, vadarar, vadebukser, sko og annet utstyr til Norge skal alt være reingjort og desinfisert før det kan takast i bruk i elvene. Attest på at dette er utført skal vises fram ved leie av fiske eller kjøp av fiskekort. 

Attesten skal tas med og vises fram ved eventuelle kontroller. Desinfisering er inkludert i forvaltningskortet.

 

§ 9 Straffebestemmingar

Brot på reglane samt medverking til brot er straffbart. Brot på reglane kan medføre utestenging ifrå elva og ein kan verte meldt til politiet.

Konsekvensar ved brot på reglar:

  • Fiske utan løyve (3):
    • Medfører utestenging resten av sesongen. Dette inkluderer også sone Dammen
  • Ulovleg fiske i fredingsperiodar og fredingssone (3):
    • Medfører utestenging resten av sesongen
  • Brot på kvotereglar (3):
    • Medfører utestenging resten av sesongen
  • Bruk av reke (3):
    • Utestenging resten av sesongen
  • Mangel på desinfisering av reiskap/utstyr og farkost (2):
    • Første gong medfører bortvisning.
    • Andre gong medfører utestenging resten av sesongen
  • Ulovleg reiskap (1):
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører bortvisning.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen
  • Bevegeleg fiske (1):
    • Første gong medfører advarsel.
    • Andre gong medfører bortvisning.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen
  • Manglande registrering av forvaltningskort (1):
    • Medfører rettleiing.
  • Manglande fiskeavgift til staten (1):
    • Medfører rettleiing.
  • Manglande rapportering (1):
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører advarsel.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen.
  • Manglande uttak/levering av skjelprøver (1):
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører advarsel.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen.

 

§ 10 lkraftsetjing

Reglene trer i kraft 15.mai 2025.