

Fiskereglar Storelva 2025
Her kan du lese fiskereglane for Storelva 2025.
Fiskereglar i Storelva 2025
- Alle over 16 år skal ha gyldig fiskekort og ha registrert forvaltningskort (kr. 50) på elveguiden.no.
- Rettigheitshavarar i Storelva skal ha gyldig grunneigarkort og ha registrert forvaltningskort (kr. 50) på elveguiden.no
I Storelva er det tillate å fiske aure/ innlandsfisk i tidsrommet frå og med 15. mars til og med 30. september. Døgnkvote: 5 stk.
Stong og handsnøre
Ved fiske er det lov å nytte ei stong eller eitt handsnøre pr. person. Det er lov med inntil 2 agn pr. stong eller handsnøre, men det er ikkje lov å bruke fastståande stong eller handsnøre. Det er forbode å fiske laks og ål. Evt. laks som vert fanga skal setjast ut igjen. Skada laks som må avlivast skal leverast til Bjørn Navelsaker, tlf.: 958 48 120 – for nedfrysing.
Søkkje
Søkkje kan berre brukast i tilknyting til fiske med mark.
Krokstorleik
Avstanden mellom krokstamme og krokspiss skal ikkje vere større enn 13 mm. For enkeltkrok ikkje større enn 15 mm.
Agn
Følgjande agn er lov å bruke: mark, sluk, spinner, wobbler og fluge. Det er forbode å bruke levande fisk og reker som agn.
Generelt
- Skjelprøvetaking og fangstrapportering i Elveguiden.no:
- All fisk over 40 cm skal takast skjelprøver av, og rapporterast som ein og ein fisk.
- All fisk mindre enn 40 cm skal rapporterast som tal fisk.
- Har du fiska utan å få fangst skal dette rapporterast som «Ingen fangst».
- Alt utstyr som er nytta i anna vassdrag skal desinfiserast før bruk i Storelva. (Gjeld både fiskeutstyr, kano, kajakk, våtdrakt og liknande.)
- I elva er det forbod mot bruk av båt, vannscooter og anna motorisert farkost.
- Fiske og utstyr som er i strid med desse fiskereglane er forbode.
Konsekvensar ved brot på fiskereglar
- Fiske utan fiskekort/løyve (3):
- Første gong medfører rettleiing.
- Andre gong medfører advarsel.
- Tredje gong medfører bortvisning.
- Mangel på desinfisering av reiskap/utstyr og farkost (2):
- Medfører bortvisning.
- Ulovleg reiskap (1):
- Første gong medfører rettleiing.
- Andre gong medfører bortvisning.
- Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen.
- Manglande registrering av forvaltningskort (1):
- Medfører rettleiing.
- Manglande rapportering (1):
- Første gong medfører rettleiing.
- Andre gong medfører advarsel.
- Manglande uttak/levering av skjelprøver (1):
- Medfører rettleiing.
Vedteke på årsmøtet i Hornindalsvassdraget Forvaltningslag SA 14.april 2025