Eidselva

Fiskereglar Eidselva 2024

Her kan du lese fiskereglane for Eidselva 2024.

Jørn Svarstad

§ 1 Fisketid

Fisketida i elva er frå 1. juni til og med 31. august.

Styret i Hornindalsvassdraget forvaltningslag SA vil vurdere eventuelle endringar av restriksjonar årleg den 15. juli i forbindelse med midtsesongvurderinga. I tillegg kan det kome endringar på kort varsel både på fisketid, kvoter og reglar basert på vassføring, vêrforhold, fangstar eller andre årsaker. Ved vannføring under 7m3 eller vanntemperatur over 18 grader vil styret vurdere tiltak. Dette blir i så fall kunngjort på internett og Facebook, i tillegg vil eigar/utleigar/kortselgar  opplyse om dette ved kjøp av fiskekort.

 

Eit av dei moglege tiltaka «Lett fiske»* kan bli innført i vassdraget på kort varsel. Stopp i fisket kan i svært spesielle tilfelle verte innført i vassdraget.

*) Lett fiske er fiske med:

  • Fluge eller mark der flytande dupp eller flytande flugesnøre utgjer kastevekta
  • Mark med søkke under 5 gram
  • Sluk, spinnar og wobbler er forbode

§ 2 Fisket

Gyldig fiskekort, forvaltningskort og fiskeravgiftskort skal alltid bringast med under fisket og vises på oppfordring frå andre med gyldig fiskekort eller kontrollkort. Korta kan visast fram i elektronisk eller fysisk utgave. Forvaltningskort for Eidselva får en kjøpt på elveguiden.no

Ved kjøp av kort hos Sportsfiskerlaget er deling av kort eller overdraging av kort til andre er forbode, med unntak for Fadderordninga som gjeld dei under 16 år.

Bevegeleg fiske skal praktiserast.

Maks samanhengande fisketid pr. høl er ein halv time.

Det er forbode å bruke stang eller snøre på en slik måte at fisken sannsynlegvis kan krøkast.

Parkering berre der det er anvist.

Trakk ikkje unødig på dyrka mark, gjeld også parkering.

Lat skikkeleg att alle led og portar etter deg.

Kast ikkje søppel i naturen. Det du tar med til fiske tar du også med deg heim.

Vi minner om det generelle bålforbodet.

§3 Reiskapsbruk

Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stang. Det kan berre brukast eit reiskap per person, eit snøre per reiskap og eit agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Som agn er det berre tillate å bruke naturlig mark, sluk, fluge, spinner og wobbler. Fiske med reke er forbode.

Ved innførsel av naturlig mark til Norge må nasjonalt regelverk følges.

Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje være større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm.

Ved bruk av flue som agn skal flytande dupp eller fluesnøret utgjer kastevekta, dvs. at vekta ikkje skal ligge i kroken, i tuben eller i annan del av utstyret. Bruk av søkke er berre tillate ved fiske med mark. Ved fiske med dupp med fluge/mark skal duppen flyte på overflaten.

Det er forbode å fiske på en slik måte det er sannsynleg at fisken vil krøkes.

 

§4 Fangstkvotar

Laks

Kvote for laks er maks 2 stk. pr 12t-kort og 4 stk. pr døgnkort.

  • All laks tel på kvota for 12t og døgn, både for avliva og utsatt fisk
  • Laks under 40 cm er freda.
  • Ved kjøp av fleire kort i parallell så får ein ikkje utvida kvote.
  • Når døgnkvoten er nådd, skal ein avslutte fisket
  • Om ein har kort eit døgn, så kan ein fiske 4 laksar når som helst dei 24 timane ein har gyldig fiskekort

Totalkvota er på 7 laks over 3 kg pr. fiskar for sesongen.  Dette gjelder både avliva og utsatt laks. Når totalkvota er nådd skal en avslutte fisket etter både laks og sjøauare.

 

Sjøaure:

Kvote for sjøaure er maks 2 stk. pr 12t-kort og 4 stk. pr døgnkort.

  • All sjøaure tel på kvota for 12t og døgn, både for avliva og utsatt fisk
  • Aure under 40 cm: Freda
  • -Når døgnkvoten er nådd, skal ein avslutte fisket
  • «Fang og slipp» tel med i kvoten


Totalkvota er på 7 sjøaure pr. fiskar for sesongen. Dette gjeld både avliva og utsatt sjøauare. Når totalkvoten er nådd skal en avslutte fiske etter både sjøaure og laks.
                    

Utsetjing av stor hunnaure i august

-Anbefaler å setje ut hunfisk over 70 cm (ca 3,5 kg) i August.

 

Generelt

  • Det er personen som kroker fisken som må ta den på kvoten. Fiskedøgnet følgjer start/sluttid på fiskekortet (for sesongkort følgjes datodøgnet).
  • Kvotene gjeld for den enkelte fiskar og kan ikkje overførast.

Når sesongkvoten er nådd skal alt fiske avsluttast inntil ny sesong startar.

Gjenutsetting skal gjerast så skånsamt som mogleg. Sjå meir informasjon om skånsam gjenutsetting på lakseelver.no

Skadet fisk, som man er i tvil om vil overleve en gjenutsetting, skal avlivast og rapporterast.

Oppdrettslaks, Regnbogeaure og Pukkellaks skal alle avlivast og rapporterast på linje med annan fangst, men desse går ikkje på nokon kvote.

 

§ 5 Minstemål

All fisk under 40 cm skal settast levende ut igjen. Vinterstøingar skal settast ut. Vi oppmodar om at stor hunnlaks (over 80 cm) settast levende ut i august. 

 

§ 6 Fangstrapportering

All fangst skal innrapporterast elektronisk på elveguiden.no / evt. i appen til elveguiden snarast råd og seinast etter 48 timar. Også fisk som er satt ut igjen skal rapporterast, samt regnbogeaure, oppdrettslaks og pukkellaks. Har du ikkje fått noko fisk du har rapportert på etter en fisketur så skal du rapportere inn 0-fangst på elveguiden.no:

  • All fisk < 40 cm    ->       Skal rapporterast inn som 0-fangst
  • Ingen fanga fisk    ->       Skal rapporterast inn som 0-fangst

 

Fiskaren har ansvaret for å ta og levere skjelprøve av all avliva fisk. Skjella leggast i skjelprøvekonvolutt der all etterspurt informasjon skal registrerast. Skjelprøvekonvolutten skal leverast i postkassa på Staten, i postkassa på brua ved Nor eller til kortutstedar. Skjelprøvekonvoluttar fåast på Chatlet eller hos grunneigar der ein kjøper kort.

Fiskaren er ansvarleg for at fangst er rapportert med korrekte opplysningar. Sjuk fisk skal rapporterast snarast til elveigarlaget.

 

§ 7 Regulering av fiske ved fossar, stryk og bruer

Det er forbode å fiske i frå midt på kraftverksdammen på Nor og ned til grensa som er merka med skilt nedanfor Kviafossen.

Det er forbode å fiske frå bruer og brukonstruksjonar.

Det er forbode å fiske i området frå Skipenesbrua og 20 meter nedstrøms frå Skipenesbrua.

 

§ 8 Desinfisering av fiskereiskap og anna utstyr

All fiskereiskap, håvar, vadarar, vadebukser, sko og alt anna utstyr som er brukt i andre vassdrag same sesong skal desinfiserast på godkjent desinfiseringsstasjon på Nordfjordeid. Ved innførsel av fiskeutstyr, håvar, vadarar, vadebukser, sko og annet utstyr til Norge skal alt være reingjort og desinfisert før det kan takast i bruk i elvene. Attest på at dette er utført skal vises fram ved leie av fiske eller kjøp av fiskekort. 

Attesten skal tas med og vises fram ved eventuelle kontroller. Desinfisering er inkludert i forvaltningskortet.

§ 9 Straffebestemmingar

Brot på reglane samt medverking til brot er straffbart. Brot på reglane kan medføre utestenging ifrå elva og ein kan verte meldt til politiet.

Konsekvensar ved brot på reglar:

  • Fiske utan løyve (3):
    • Medfører utestenging resten av sesongen. Dette inkluderer også sone Dammen
  • Ulovleg fiske i fredingsperiodar og fredingssone (3):
    • Medfører utestenging resten av sesongen
  • Brot på kvotereglar (3):
    • Medfører utestenging resten av sesongen
  • Bruk av reke (3):
    • Utestenging resten av sesongen
  • Mangel på desinfisering av reiskap/utstyr og farkost (2):
    • Første gong medfører bortvisning.
    • Andre gong medfører utestenging resten av sesongen
  • Ulovleg reiskap (1):
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører bortvisning.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen
  • Bevegeleg fiske (1):
    • Første gong medfører advarsel.
    • Andre gong medfører bortvisning.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen
  • Manglande registrering av forvaltningskort (1):
    • Medfører rettleiing.
  • Manglande fiskeavgift til staten (1):
    • Medfører rettleiing.
  • Manglande rapportering (1):
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører advarsel.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen.
  • Manglande uttak/levering av skjelprøver (1):
    • Første gong medfører rettleiing.
    • Andre gong medfører advarsel.
    • Tredje gong medfører utestenging resten av sesongen.

§ 10 lkraftsetjing

Reglene trer i kraft 15.mai 2024.