Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev

_mg_7086.jpg

Bjørkum
Det er vakkert i Lærdal når sola skinner og elva flyter fritt. Bildet er fra Bjørkum. - Foto: Pål Mugaas

Hva skjer i Lærdalselva?

Lærdalselva har slitt med lakseparasitten Gyrodactylus salaris siden 1996, men nærmer seg nå friskmelding etter flere behandlinger. Vi har pratet med Lasse Sælthun, leder i Lærdal elveeierlag, om framtidsutsiktene.

Lærdalselva ble infisert med Gyrodactylus salaris i 1996 og rotenonbehandlet i 1997.  Parasitten ble imidlertid påvist på ny i 1999, og fullskala behandling med surt aluminium ble gjennomført i 2005/2006. Dessverre ble Gyro påvist på ny i 2007 og deretter fulgte enda en fullskala behandling med surt aluminium i to omganger;  i 2011 og 2012. Elva kan tidligst friskmeldes i 2017. Fisket ble åpnet i 2013 og har vist en god tendens, trass i at utvandrende smolt møter mange oppdrettslokaliteter i ytre del av Sognefjorden.

Hvordan vil du beskrive utviklingen i elva de to siste årene?

Ut frå føresetnadene om at vi ikkje har hatt kultivering i elva i perioden 2007 til 2012 på grunn gyro, har det vore bra fiske etter laks i elva dei to siste åra. Sjøaurefiske var relativt svakt i 2013, men brukbart i 2014.

Hvordan er interessen fra lokalsamfunnet om hva som skjer med elva?
Bygdefolk og folk frå nabokommune er svært opptekne av korleis fiske er i elva, då ikkje minst problemstillinga om det er gyro i elva eller ikkje.

Hvordan er den politiske ledelsen i kommunen opptatt av laksefiske?

Både ordførar og rådmann har ofte kontakt med leiar i elveeigarlaget og vert informert jevnleg om både fiske og gyroprøvane som vert tekne i elva.

Er det konflikt med oppdrettsnæringen i fjorden?

Indre del av Sognefjorden er oppdtrettsfri sone, så  problema med rømt oppdrettslaks som går opp i elvane, har vore størst i elvane i midtre  og ytre Sogn. Problemet for alle laksevassdraga som renn ut i Sognefjorden, er likevel lusebeltet som den sårbare smolten møter i ytre del av fjorden på sin veg til storhavet. For sjøauren, som jo oppheld seg i heile fjorden i store deler av året  og vanlgvis ikkje går ut i storhavet, er luseproblemmatikken til stades heile året. At lus er eit problem for særleg sjøauren i Sognefjorden, viser forsøk med sjøaure i ruser som Sogn Villaksråd har fått gjennomført i Balestrand- /Høyangerområde . Det har vore eit visst samarbeid i Sogn mellom elveeigarar og oppdrettarar for å få avgrensa luseproblemmatikken, då særleg i den perioden smolten er på veg ut fjorden. Vi får sjå om kor langt vi når med dette arbeidet, men uansett må det å få lukka oppdrettsanlegg, vere ei framtidig målsetning for å sikra villaksen og sjøauren.

[[{"fid":"322","view_mode":"full_width","attributes":{"alt":"Lærdalselva","title":"Lærdalselva","height":"580","width":"1080","class":"media-element file-full-width"},"fields":{"format":"full_width","field_file_image_alt_text[und][0][value]":"Lærdalselva","field_file_image_title_text[und][0][value]":"Lærdalselva","field_forfatter[und][]":"11","field_image_caption[und][0][value]":"Langs vre del av Lærdalselva går den historiske veien tett på. Her deler du utsikten med turistbusser.","field_description[und][0][value]":""},"type":"media"}]]

 

Hvordan opplever dere etterspørselen etter fiske nå som laksen er tilbake?
Det har vore stor etterspørsel etter fiske i Lærdalselva i vinter, særleg frå Noreg, men også frå dei andre Nordiske landa.

Hva gjør dere for å markedsføre elva mot nye grupper?
Lærdalselva er som kjent framleis rekna som gyrovassdrag og kan tidlegast friskmeldast i 2017. Inntil dette forhåpentlegvis skjer, er det lite arbeid med marknadsføring av elva.

Hvor viktig er det å skape en ny generasjon laksefiskere?
Det er viktig å få dei unge interesserte i fiske og gje rom for unge fiskarar. Mitt inntrykk er at det er vorte ein aukande interesse for fiske blant dei unge siste åra

Hva gjør dere for å stimulere ungdom til å fiske laks?
Her er Villaksens dag eit fint høve å trekke ungdommen til seg med kurs og opplæring. Dette har vi prøvd i Lærdalselva og vil gjenta det i år.

Samfunnet har brukt store ressurser på elva, som tradisjonelt har vært en eksklusiv elv med dyrt fiske. Hvilke føringer legger det på elveeierne?
Det er rett at samfunnet har brukt store ressursar i elva i samband med gyrobehandlinga, men dette er jo ikkje berre for å få Lærdalselva frisk, men like mykje for å hindre at parasitten spreidde seg til andre elvar i området. Det er difor naturleg at samfunnet tek denne kostnaden. Dette må også sjåast i samanheng med at elveeigarane, saman med kraftutbyggar og kommune, har hatt store kostnader på grunn av gyroinfeksjonen over fleire år. I gjenoppbyggingsarbeidet av laksestamma etter behandlingane, har vi finansiert kjøp av rogn frå genbanken, ein kostnad vi iallfall vil ha fram til 2017. Dette kjem i tillegg til det inntektstapet som grunneigarane har hatt over fleire år utan fiske på grunn av Gyro. De er altså ikkje berre samfunnet som har brukt store ressursar i denne saka. (Samfunnet har jo også påført elva gyro red. anm.).

Er det stor villighet til å satse på laksefiske som næring framover, eller sitter elveeierne litt på gjerdet?
Dei fleste elveeigarane er aktive med utleige av fiske og utleigehus på gardane. Enkelte har og matservering, guiding til fiskarane o.s.b.

Hva gjøres for å mobilisere elve-eierne?
Elveigarane møter flittig på medlesmøte og årsmøte og er godt informerte både om situasjonen i Lærdalselva og nasjonale reglar og føringar.

Er det uenighet rundt forvaltninga og veien videre?
Meg bekjent er det semje om forvaltninga av elva og vegen vidare.

Hvordan stiller fiskerne seg til ­gjenutsetting?
Vi har praktisert gjenutsetting i elva i tre år. I fjor vart 73 prosent av laksen sett ut att og 85 prosent av sjøaurane sett ut att. Mitt inntrykk er at dei aller fleste fiskarane synes dette er ei god ordning.

Hva er den viktigste suksessfaktoren for elva?
At gyroen er utrydda i elva og at vi lagar gode reglar for å førebyggje at det bli ny gyroinfisering. Det er og viktig at vi har ei organisering av fiske i elva der både uttak av fisk og antal fiskarar er bærekraftig i høve til kva elva kan produsere.

Hva kan Norske Lakseelver gjøre for dere ?

Vere talerøyr og døropnar for elveeigarinteressene i villaksspørsmål ovanfor myndigheitene.

Noe annet dere vil trekke fram?

For oss er det viktig at reglane om oppdrettsfrie soner vert oppretthalde. Desse skal etter det vi forstår, vurderast på nytt i nær framtid.