Driftsplan for Stryneelva

Sist endret:
25.06.2018 10:04
Driftsplanområde

Kartet nedanfor er henta frå lakseregisteret til Miljødirektoratet. Det markerte området viser driftsplanområdet. 

 

Markert område viser anadrom del av vassdraget og driftsplanområdet. Kart hentet fra Miljødirektoratet.
Markert område viser anadrom del av vassdraget og driftsplanområdet. Kart hentet fra Miljødirektoratet.

 

Nasjonalt laksevassdrag

Ja. Renn ut i den nasjonale laksefjorden Nordfjord.

Organisering av driftsplanarbeidet

I Stryneelva er det satt ned ei driftsplangruppe beståande av soneansvarlege. Gruppa rapporterer til styret i elveeigarlaget.

Organisering av forvaltningslaget

Stryn elveeigarlag representerer alle fiskerettshavarar og har det lokale forvaltningsansvaret for Stryneelva og har avtale med grunneigarlaga for Nedrefloen og Strynevatnet om overordna forvaltningsansvar for heile vassdraget.

Reguleringer i vassdraget

Stryneelva er freda i verneplan IV. Bildet under er hentet fra NVE atlas og gir ein oversikt over reguleringar (overføringer). For en mer detaljert oversikt, kan NVE-Atlas åpnes.

 

Det er ingen kraftutbygging i selve Strynselva. Kraftverket i Vikaelva har ingen tilknytting til Strynsvassdraget. Fra NVE-Atalas.
Det er ingen kraftutbygging i selve Strynselva. Kraftverket i Vikaelva har ingen tilknytting til Strynsvassdraget. Fra NVE-Atalas.
Vernestatus som gir føringer for forvaltninga av elva

Ei prosjektgruppe under Nordisk Ministerråd konkluderte i 1991 med at Strynevassdraget var eit av dei mest verneverdige i Norden. Elva blei varig verna som del av Breheimen/Stryn, gjennom Verneplan IV for vassdrag, ved stortingsbehandlinga i 1993 etter lang strid mellom ulike interessegrupper.

Visjon

Stryneelva skal utviklast slik at det er sjølvproduserande  bestandar  av laks og sjøaure som sikrar haustbart overskot. Næringa og sportsfisket skal utviklast slik at elva på nytt blir kjent som storlakselv med ein solid sjøaurestamme, og som gir økonomisk vekst for grunneigarane. 

Forvaltningsmål

Fisketilbod og fiskereglar

Fritidsfiske

Tilby eit variert fiske til sportsfiskarar gjennom ulike utleigeformer, frå fiskekort på ½ døgn basis til vekesleige. 

Opplysningar om fiskemoglegheiter og fiskereglar skal gis slik at elva blir lett tilgjengeleg, både for lokale og tilreisande fiskarar.

Det skal gis god informasjon om elva si særskilde ufordringar og bakgrunnen for strenge fiskereglar.

Elva skal vere ryddig og tilgjengelig. Dette gjerast gjennom reinhald og godt vedlikehald av plattingar, bruer og fiskebuer langs elv.

Biologi

 Berekraftige fiskereglar for Stryneelva utarbeidast årleg, slik at primærmålet for nok gytefisk (GBM), og dermed nok yngelproduksjon blir tatt vare på. Dette evaluerast gjennom årleg gytefisktelling og ungfiskundersøkingar.

Fisket skal vere skånsamt og skada fisk skal ikkje gjenutsettast. Dette regulerast gjennom fiskereglar.

Genetisk integritet til laksen i elva skal tas vare på. All oppdrettslaks skal difor avlivast.

Næringsutvikling

Aktiv og diversifisert organisering av fiskeutleige som inkluderer verdiskaping innan guiding/instruksjon og opphald, vil auke elva sin næringsverdi.

Inntekter frå fisket skal sikre forsvarleg drift av elveeigarlaget

Rekrutteringstiltak skal gjennomførast. Det er viktig at ungdom får fiske i elva for ein rimeleg kostnad.

Kontroll og overvåking

Fritidsfiske

 Fiskeoppsynet for elva skal rettleie og informere fiskarar om fiskereglar, oppdrettslaksidentifisering og informere om korrekt framferd ved gjenutsetting av laks og sjøaure.

Oppsynet skal overvåke at fiskeavgift og fiskekort er i orden og at fiskereglane er kjende og vert følgd.

Alle tilreisande fiskarar skal vere pålagde å desinfisere vadarar og fiskeutstyr.

All fisk skal rapporterast fortløpande.

Reaksjonar på brot på fiskereglar skal vere effektive og kunngjort før sesongstart.

Biologi

Fangstrapport skal vere tilgjengeleg både for fiskarar, rettshavarar og offentleg myndigheit.

Forbetre organiseringa av skjellprøver frå laks og søaurefiske.

Utarbeide reglar for masseuttak og andre inngrep i og rundt elva som kan føre til forverra  kår for gyting og yngeloppvekst. 

Føremålstenelege tal på desinfiseringsstasjonar (2-5) for fiskeutstyr etablerast mot Gyrodactylus salaris.

Næringsutvikling

Oppsynet skal ha myndigheit over heile vassdraget (Stryneelva, Nedrefloen og Strynevatnet).

 

Kultivering

Biologi

Elveeigarlaget  vil nytte etablert måltal for gytebestand (GBM) av laks som grunnlag for fiskereglar, hausting og kvotar. Den låge måloppnåinga for GBM dei siste åra gjer at elveeigarlaget vil legge  "føre var" prinsippet til grunn for desse.

Ein vil fortsette arbeidet med tiltak som forbetrar yngeloppvekst i sidebekkar og løker langs Stryneelva.

Nødvendige habitattiltak skal utførast etter kartlegging av både sidebekkar og hovedelv.

Kantvegetasjonen skal takast vare på og eventuelt reetablerast både i sidebekkar og hovedelv.

Etablere eit samarbeid med grunneigarlaga for Nerfloen og Strynsvatnet (Nedrefloen grunneigarlag, Strynsvatn grunneigarlag og Oppstryn grunneigarlag) for å redusere røyebetstanden i desse områda.

Driftsplanansvaret er gitt etter paragraf 25a i Lov om laksefisk og innlandsfisk mv. (lakse- og innlandsfiskloven). Punktene i driftsplanen er gitt etter loven.

Paragaraf 25a gir følgende lovpunkter som skal oppfylles av den lokale forvaltningen:

  • 1. Regulering av fisket
  • 2. Bestandsovervåkning
  • 3. Fangststatistikk og rapportering
  • 4. Fiskeoppsyn
  • 5. Smitteforebyggende tiltak
  • 6. Kultiveringstiltak
  • 7. Informasjon

I tillegg til de lovpålagte driftsplanpunktene, vil du her også finne oversikt over forvaltningslagets årshjul og møter/arrangementer

  • 8. Forvaltningens årshjul
  • 9. Møter og arrangement

Handlingsplanen

1. Regulering av fisket
Kategori Prio. Start Slutt Ansvarlig Status Evaluert
Etablere fiskereglar for 2019 Fritidsfiske Høy 2019 2019 Knut Løvdal Stauri
Gjennomført (15.08.2019)
Etablere fiskeregler 2020 Fritidsfiske Høy 2020 2020 Knut Løvdal Stauri
Vedtatt
2. Bestandsovervåkning
Kategori Prio. Start Slutt Ansvarlig Status Evaluert
Kartlegging av gytefiskbestanden 2018 Biologi Høy 2018 2018 Knut Løvdal Stauri
Gjennomført (31.12.2018)
Kartlegging av gytefiskbestanden 2019 Biologi Høy 2019 2019 Jan Vollset
Gjennomført (31.12.2019)
Stryneelva skjellprøveanalyser Biologi Høy 2020 2020 Hans Olav Bøe
Vedtatt
Etablere fagråd for Strynevassdraget Biologi Medium 2020 2020 Jan Vollset
Forslag
Kartlegging av yngel og ungfiskproduksjon Biologi Høy 2017 2020 Jan Vollset
Under Gjennomføring
Kartlegge gytefiskbestanden 2020 Biologi Høy 2020 2021 Jan Vollset
Vedtatt
Kunnskapsbasert lokal forvaltning KLAFF 2017-2021 Biologi Høy 2017 2021 Knut Løvdal Stauri
Under Gjennomføring
Kartlegging av predatorar Biologi Medium 2017 2021 Hans Olav Bøe
Under Gjennomføring
3. Fangststatistikk og rapportering
Kategori Prio. Start Slutt Ansvarlig Status Evaluert
Fangstrapportering 2019 Biologi Høy 2019 2019 Jørn Peder Sætre
Gjennomført (15.08.2019)
Fangstrapportering 2020 Fritidsfiske Høy 2020 2020 Jørn Peder Sætre
Vedtatt
4. Fiskeoppsyn
Kategori Prio. Start Slutt Ansvarlig Status Evaluert
Fiskeoppsyn for Strynevassdraget 2019 Fritidsfiske Høy 2019 2019 Knut Løvdal Stauri
Gjennomført (31.12.2019)
Fiskeoppsyn i Strynevassdraget 2020 Fritidsfiske Høy 2020 2020 Knut Løvdal Stauri
Vedtatt
5. Smitteforebyggende tiltak
Kategori Prio. Start Slutt Ansvarlig Status Evaluert
Desinfiseringsstasjonar Fritidsfiske Høy 2020 2020 Jørn Peder Sætre
Vedtatt
6. Kultiveringstiltak
Kategori Prio. Start Slutt Ansvarlig Status Evaluert
Utarbeide regler for masseuttak og fysiske inngrep i elva Biologi Høy 2018 2019 Johan Øvreeide Godø
Vedtatt
Kartlegge habitat og skjultilhøva i hovudlaup Biologi Høy 2020 2021 Jan Vollset
Under Gjennomføring
Redusere røyebestand i Nedrefloen og Strynevatnet Biologi Medium 2019 2022 Arne P Sunde
Vedtatt
Oppgradering av Ytreeide-elva som oppvekstbekk Biologi Høy 2019 2022 Jørn Peder Sætre
Utredet
Heilskapleg tiltaksplan for Strynevassdraget - vedlikehald av tiltak Biologi Høy 2018 2023 Knut Løvdal Stauri
Under Gjennomføring
7. Informasjon
Kategori Prio. Start Slutt Ansvarlig Status Evaluert
Driftplan på nett Næringsutvikling Høy 2018 2019 Jan Vollset
Gjennomført (15.03.2019)
Stemmerettsreglar for Stryn elveeigarlag Næringsutvikling Lav 2019 2023 Knut Løvdal Stauri
Gjennomført (31.12.2023)