Kartlegging av predatorar

Mål

Redusere trykket av predatorar

Beskrivelse

Dei mest vanlege predatorane i Stryneelva er mink, oter, sel (kobbe) og laksand

Mink er observert ofte langs Stryneelva. Den kan og bør avlivast så snart råd er.

Kobben held seg stort sett i elvemunninga og kan gjere store innhogg i laks og sjøaurestammen. Den kjem oftare opp i elva enn før. Den kan avlivast etter søknad.

Oter er sett ofte dei siste åra. Den er imidlertid freda.

Lakseandbestanden har auka sterkt dei siste åra. Den lever hovudsakleg av yngel og er difor ein predator vi bør prioritere å redusere. Det er jakttid for lakseand frå 15.september til 31.januar.

Etter oppmoding frå grunneigarar og rådgivarar i KLAFF, tok styret i hausten 2020 kontakt med Stryn Jeger og Fisk for å starte jakt på fiskender langs Stryneelva. 

Evaluert
Yes
Evaluert av
22965
Evaluert resultat

Resultata så langt har vore skuffande, og det er styret si vurdering at det vil være meir effektivt å fokusere på å etablere betre skjul frå predatorer enn å forsøke å fjerne desse.