Utarbeide regler for masseuttak og fysiske inngrep i elva

Mål

Hindre tiltak som kan ha negativ innverknad på lakse-og sjøaurestammen i elva 

Beskrivelse

Naturen kan sjølv skape "uønska" fysiske inngrep i både hølar, elveløp og straumføring. Dette må ein godta og eventuelt reparere. Menneskeskapte inngrep må godkjennast både av eigarlag, kommune og NVE ved større inngrep. Stryn elveigarlag skal vere observante på uønska inngrep i hovedelv så vel som i sideelvar. For å vere betre budd på slike situasjoner skal det utarbeidast eit regelverk som laget kan støtte seg på.

Regelverk skal utarbeidast i samråd med kommunale og statlege myndigheiter.

Dette arbeidet må også sjåast i samanheng med pågåande prosjekt: "Kartlegge habitat og skjultilhøva i hovudlaup" og "Forprosjekt: Flom og miljø".