Stryneelva skjellprøveanalyser

Mål

Forbetre bestandsovervåkinga av laks i elva

Beskrivelse

Stryn elveeigarlag sender årleg skjellprøver av fanga laks til analyse hos NINA.  Dette er ein viktig del av bestandsovervåkinga..  Skjellprøvene kan identifisere oppdrettslaks, sjølv om dei ytre kjennetekna ikkje er tydelege.  Skjellprøvene kan i tillegg gje informasjon om: 

 - Elvealder: Kor gammal smolten var før den utvandra

 - Sjøalder - Kor lang tid laksen oppheldt seg i havet før den kom attende for å gyte

 - Fleirgangsgytarar -  Kor mange ganger laksen eventuelt har vore oppe i elva for å gyte tidlegare.

Stryn elveeigarlag vil ta vare på denne informasjonen med tanke på å identifisere endringar i bestanden over tid.

Det er viktig at prøvene er representative. Prøvene må difor i størst mogleg grad representerer snittet av laks som går opp i elva. Stryn elveeigarlag er avhengig av at fiskarane bidrar til å samle inn skjellprøver fra laksefisk i elva.

Utstrakt "Fang og slipp" dei siste sesongane har gjort det utfordrande å få representative prøver av fleirgangsytarar 

Evaluert
Yes
Evaluert av
22965
Evaluert dato
2022-03-01
Evaluert resultat

Det har vore innsamla få skjellprøve dei siste åra. Styret meiner at dette er ein naturleg konsekvens av noverande fangstreglar, og har difor ikke forsøkt å auke skjellprøvetakinga.