Stryneelva

Uttrykket ”Fagre Stryn” er udødeliggjort gjennom musikken til Per Bolstad. Men alle som har besøkt dette vakre stedet i Nordfjord, og levd noen deilige sommerdager her, vil for alltid ønske seg tilbake til dette fantastiske stedet.

Oversikt over soner finner du her
Fiskekort kan kjøpes hos disse på denne lista. 

Generell beskrivelse av fisket

Om Stryneelva er frå gammalt av kjend for å ha flott laks og sjøaure, og mange britiske lordar har fiska her. Rekorden i elva er ein laks på 29,5 kilo, fiska av Johan Gjørven tidleg på 1900-talet.

Fiskeregler

Fisketider

Laks: fra 15. juni til 15. august

Midtsesongevaluering

Fra 15. juli - 0:00 til 15. juli - 15:15

Fiskereglar for anadrom laksefisk i Strynevassdraget

  • Fiske etter sjøaure er ikkje tillat.
  • Laks over 65 cm lengde og all sjøaure er freda.
  • Døgnfredning: 01.00 til 06.00 og 13.00 til 18.00.
  • Fiskereiskap 15. juni t.o.m. 15. juli: Fluge, Maks 2 krokar med innklemde mothakar.
  • Fiskereiskap frå 15. Juli: Fluge eller sluk med maks 2 krokar med innklemde mothakar. mark sirkelkrok.
  • Fiskereiskap på Soget: Fluge, med maks 2 krokar med innklemde mothakar, maks krok 6, heile fiskesesongen.
  • All bruk av klepp er forbudt.
  • 1 laks per døgn, 2 laks per veke (under 65 cm).
  • Sjøaure er freda og skal gjenutsetjast.

Forvaltningsreglar

  • Fiskekort er personleg (kun ein fiskar per stang/fiskekort)
  • Maks ei stang pr. starta 750m elvestrekning pr. gard til ei kvar tid.
  • Det er forbode å oppbevare fiskeutstyr ved elva som ikkje er foreinleg med det fisket som skal utøvast.
  • Frå Rise nedover gjeld kun nattfredning.
  • Skada fisk skal ikkje gjenutstjast. Dersom freda art vert slakta skal dette meldast til Fiskeoppsynet på tlf 900 75 191 snarast. Slik fangst er elveeigarlaget sin eigedom og skal innleverast.
  • Oppdrettslaks skal slaktast. Slik fangst skal rapporterast til Stryn Elveeigarlag snarast mogleg. Elveeigarlaget vil registrere og dokumentere fangsten.
  • For rapportering eller varsling kontakt Fiskeoppsynet (Rune Bøe) på tlf. 900 75 191.

Fiskaren plikter å

  • Følgje fiskereglane for Strynevassdraget.
  • Registrere og rapportere all aktivitet innan Kl. 01:00 ( slakta, gjenutsett og 0-fangst) på elveguiden.no
  • Ta skjellprøver av all slakta fisk etter retningsliner for skjellprøvetaking.
  • Sette seg inn i rutinar for forsvarleg gjenutsetjing (info på elveguiden.no).
  • Registrere og rapportere fisk som er sterkt angripen av lakselus. 
Grunneigar pliktar å informere fiskarane om gjeldande fiskereglar.

Fisketid:

Det er tillatt å fiske etter laks i perioden f.o.m. 15. juni t.o.m. 15. august. Alle fiske etter sjøaure er forbudt. Det er innført døgnfreding i følgande periodar: frå kl 01.00 til 06.00 og kl 13.00 til 18.00. For Rise og nedover elva gjeld kun nattfreding.

Fiskereiskap

Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stang. Det kan berre brukast ei stang per person, eit snøre per reiskap og eit agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Som agn er det berre tillate å bruke fluge, sluk og naturleg mark. Fiske med reke eller kunstig mark er forbode. Ved innførsel av naturleg mark til Noreg må nasjonalt regelverk følgast. 

Til markfiske tillatast kun bruk av sirkelkrokar. Det skal ikkje nyttast agn med meir enn til saman to enkeltkrokar eller ein dobbelkrok. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm. Ved bruk av fluge som agn skal f lugesnøret eller dupp utgjere kastevekta. Bruk av søkke er berre tillate ved fiske med mark. Ved f iske med dupp skal duppen flyte på overflata. Det er forbode å fiske på ein slik måte at fisken sannsynlegvis vil krokast. Mothakar skal være innklemde 

Naturlig mark = biologisk mark, eksempelvis meitemark. Kunstig mark = teknisk produsert mark, eksempelvis Gulp.

Fiske med sirkelkrok

Ved fiske med mark i Stryneelva tillatast kun bruk av sirkelkrokar. Krokingseigenskapane for denne typen krokar er gode. Kroken vil som oftast feste i fisken si "munnvik" og slik minske skadar på fisken samanlikna med bruk av tradisjonelle "J- kroker"Fiske med sirkelkrok krev ein litt annleis måte å "sette" kroken på enn det ein kanskje er vant til ved bruk av "J-krok". Løft stangtuppen roleg slik at sirkelkroken får tid til å "leite" opp munnviken. Dette gjer at ein minskar faren for kroking djupt nede i svelget med påfølgande skade på fisken, og det letter gjenutsetting av fisken. 

Faren for å få krokingsskadar i svelget på fisken er avhengig av utforminga på kroken. Dess større vinkel krokspissen har ut frå krokstammen, dess større er faren for djup kroking i svelget, med påfølgande skade på fisken. 

Sirkelkrokar er "størrelseselektive", dvs. at størrelsen er viktig for krokingseigenskapane. For at kroken skal kunne feste må fisken få heile kroken inn i munnen. Ein tilrår difor å nytte mindre krokstørrelsar enn ved bruk av tradisjonelle krokar. Hugs å klemme inn mothaken på kroken.

Fangstkvotar

Kvote for avliva laks under 65 cm er maksimalt 1 stk pr døgn og 2 stk pr veke. Kvoten gjeld for den enkelte fiskar og kan ikkje overførast til andre. Døgnkvoten er definert som det tal laks ein person samla kan avlive i løpet av eit døgn (fiskedøgnet). Fiskedøgnet følger døgnoppføringa på fiskekortet (for vekekort og sesongkort følgast datodøgnet). Når døgnkvoten er nådd, skal alt fiske avsluttast inntil nytt fiskedøgn starter. Vekekvoten er definert som det tal fisk ein person samla kan avlive i løpet av ei veke (fiskeveke). Fiskeveka følger vekeoppføringa på fiskekortet. For sesongkort følgast vekenummeret.

Fisketrykk 

Talet stenger i Stryneelva avgrensast etter formelen ei stang pr. 750m elvestrekning pr. gard til ei kvar tid. Elvestrekning er målt i senterlinje av elva. Grunneigar er plikta å selje fiske i tråd med vedtatt fisketrykk. 

Maksmål og gjenutsetting

All laks over 65 cm og all sjøaure skal settast levende ut at. Vi oppmodar om at all gytefarga laks settast levande ut. Er ein i tvil om fisken vil overleve ein eventuell gjenutsetting skal fisken avlivast og innleverast. Fisken går ikkje på kvoten når den er stadfesta innlevert. Levande gjenutsatt fisk reknast ikkje med i kvoten. Gjenutsetting av fisk skal skje skånsamt og i tråd med Stryn elveeigarlag sine retningsliner.

Fangstrapportering

All aktivitet skal innrapporterast fortløpande elektronisk til Stryn Elveeigarlag i gjennom heile sesongen så snart som mogleg og seinast kl. 01:00. Rapportering skal gjerast på www.elveguiden.no. Dette gjeld fangst, gjenutsatt fisk og null-fangst. Alle fangstopplysningar vil bli publisert på elveguiden.no. Det skal takast og innleverast skjellprøver av all avliva laks.

Regulering av fiske på Soget

På Soget er det berre tillate med lett fiske. Lett fiske er flugefiske med maks storleik 6 og f lugesnøret skal utgjere kastevekta. Søkke er forbode.

Gytebestandsmål

I perioden 15. juni til 15. juli skal forvaltningslaget foreta kontinuerleg bestandsvurdering. Ved fare for at mindre enn 50% av gytebestandsmålet vert nådd skal fisket avsluttast.

Sanksjoner ved brot på reglane

Brot på fiskereglane er straAbart, jfr. Lov om laksefisk og innlandsfisk. Overtredelse vil føre til øyeblikkelig inndraging av kortet og utelukking frå alt fiske i Stryneelva. Eigar/ utleigar / kortselgar har plikt til å orientere om det gjeldande regelverk i elva, og å kontrollere om fiskaren har løyst Fiskeravgift.

Midtsesongevaluering

Midtsesongsevaluering gjennomføres per 15.juli