Fiskeoppsyn i Strynevassdraget 2022

Mål

Sikre at fritidsfiske skjer i samsvar med til ein kvar tid gjeldande fiskereglar.

Beskrivelse

Oppgåver for Oppsynet:
•Orienterefiskarane om gjeldande fiskereglar, fisketider, desinfisering etc..
•Orienterefiskarar om rutinar og utstyr ved gjenutsetting av fisk
•Orientere fiskarar om skilnaden på hofisk og hanfisk, oppdrettsfisk og villaks, orientere om skjellprøvetaking
•Være tilgjengeleg for fiskarar som har spørsmål eller treng hjelp
•Ta stikkprøver mot tjuvfiskeaktivitetar
•Orientere turistar om gyrodactylus spreiing med utslepp av vatn frå andre vassdrag
•Notere tilbakemeldingar frå fiskarar (positive som negative)
•Samleobservasjonarsom predatorar, uheldige hendingar og trugsmål mot sikkerheita langs elva.


Alle fiskarar skal få orientering om oppsynet sine oppgåver og tlf nr frå utleigar.

Oppsynet skal rapportere til formann i SE eller til eit medlem av SE.

Etter gjentatt brot på fiskereglar skal fiskar visast bort frå elva. 


 

Evaluert
Yes
Evaluert dato
2022-12-13
Evaluert resultat

Elveoppsynet har fungert etter same prinsipp som tidlegare. Rune Bøe har i år fått hjelp av Johanne Thybo Hansen første veka.Det var i starten svært stor elv og lav aktivitet. Oppsynet opplever at folk er flinke til å melde tilbake fangst som ikkje kan utsettast tilbake i elva og som må slaktast. Det er likevel 2 unntak: Nedrefloen og Lunde. Her finst det ikkje tilbakemeldingar. (all laks sett ut att?).På Lunde opplever oppsynet at dei er rimeleg bra på rapportering i laksebørsen. På Nedrefloen er det ikkje rapportert i det heile. Resten av elva er flinke med rapportering.