Fiskeoppsyn i Strynevassdraget 2021

Mål

Sikre at fritidsfiske skjer i samsvar med til ein kvar tid gjeldande fiskereglar.

Beskrivelse

Oppgåver for Oppsynet:
•Orienterefiskarane om gjeldande fiskereglar, fisketider, desinfisering etc..
•Orienterefiskarar om rutinar og utstyr ved gjenutsetting av fisk
•Orientere fiskarar om skilnaden på hofisk og hanfisk, oppdrettsfisk og villaks, orientere om skjellprøvetaking
•Være tilgjengeleg for fiskarar som har spørsmål eller treng hjelp
•Ta stikkprøver mot tjuvfiskeaktivitetar
•Orientere turistar om gyrodactylus spreiing med utslepp av vatn frå andre vassdrag
•Notere tilbakemeldingar frå fiskarar (positive som negative)
•Samleobservasjonarsom predatorar, uheldige hendingar og trugsmål mot sikkerheita langs elva.


Alle fiskarar skal få orientering om oppsynet sine oppgåver og tlf nr frå utleigar.

Oppsynet skal rapportere til formann i SE eller til eit medlem av SE.

Etter gjentatt brot på fiskereglar skal fiskar visast bort frå elva. 

Utleigar har og eit ansvar for at regelverk blir følgd.
 

Styret vil fortsette dialogen med Norske Lakseelver og Statens Naturoppsyn for å få vurdert om Strynevassdraget er ein aktuell kandidat til å delta i prosjektet  for Oppsynsaktivitet i lakseelver.

Evaluert
Yes
Evaluert av
22965
Evaluert resultat

Fiskeoppsyn gjennomført for 4. året med same personell. Det har vore tilsyn 2-3 gonger per veke, frå elvemunning til Nedrefloen. Det er avdekka ulovleg fangst og ein del ulovleg fiske har vorte teke hand om. Det er ytterlegare teikn på ulovleg fiske når ein finn blod og skjell på plassar der det ikke er meldt om fangstar. Strengare reaksjonar må implementerast for å kome ulovleg fiske til livs. Generelt er fiskarane positive til oppsyn og det er som regel ein god tone når oppsynet kontrollerer.