Logo
Sportsfiske/Fiskekort

Eid Sporstfiskelag 2026

Eid Sportsfiskelag sel kort på Chatlet Sport på følgjande soner i sesongen 2026.

Her er linken til excel-arket som viser tilgjengelige kort på våre soner:

Oversikt fiskekort

HenningAndreasLangeland

Ein kan bestille fiskekort ved å kontakte: 

Chatlet Sport AS
6770 Nordfjordeid

Butikktelefon 57861371

E-post bestilling fiskekort: chatleteid@sport1.no

NB: Husk at ved uthenting av kort så må ein legge fram kvittering på betalt Elvekort og Fiskaravgift.

 

Reglar for kjøp av fiskekort til ikkje-medlem i 2026

 

 

Staten

Eid Sportsfiskelag leiger ut 4 stenger i døgnet. Det seljast døgnkort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 1000 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Valdet er det siste før sjøen. Elva er roleg og kan bli påverka av floa så langt som til Skipenesbrua. For nokre år sia vart det anlagt gangsti langs nedre del av sona, noko som gjer område fint for handicapfiske.

Fiskeplassen nedanfor Skipenesbrua vert kalla ”Bruhølen”. Her står kameraene, så her er det stengt for fiske.

 

Svingen, Stokkenes, Eidselva

Fotograf: Torstein Gjerde

Stokkenes

Eid Sportsfiskelag leiger ut 5 stenger i døgnet. Det vert selt døgnkort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 1265 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Valdet er godt lagt til rette for fiske med flugestonga, men vading er nødvendig enkelte plasser. Stokkenes er blant dei meir stilleflytande sonene i Eidselva, sjølv om det også her er parti med hurtigare vassføring.

Store delar av elva på Stokkenes renn ved sidan av ei golfbane.
 

Ny-Ledet, Bjørlo, Eidselva

Fotograf: Torstein Gjerde

Bjørlo

Eid Sportsfiskelag leiger ut 2-4 stenger i døgnet. Det vert selt døgnkort hjå Chatlet Sport AS.

Bjørlo er den lengste sona i Eidselva, 3520 meter. Valdet ligg på sørsida av elva. Den lange strekninga sona spenner seg over, gjer at er det god plass til alle fiskarane. Elva er variert, med alt frå store hølar til harde stryk. Når det gjeld naturopplevingar har Bjørlo mykje å by på.­­­­­­­­­­­­­­

 

Vereidehølen, Langeland, Eidselva

Fotograf: Torstein Gjerde

Langeland

Eid Sportsfiskelag leiger ut 2 til 3 stenger i døgnet. Det vert selt døgnkort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 960 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Idyllisk område med mindre hølar og ein stor (Vereidehølen). Både rolege parti og stryk. Sona er godt rydda, så her er fint å gå med flugestang. På stor elv er vading nødvendig i nedre del.

 Dette er eit kulturbeite og her går som regel sau på sona.

 

Moahølen, Kvien, Eidselva

Fotograf: Torstein Gjerde

Kvien

Denne sona er  730 meter og har to stenger. Det er utførd mykje dugnad dei siste år med to fine fiskehytter og god tilkomst for utøving av fiske.

Øverst på sona er det nedre brekk-kant av Fossen før den svinger i eit stryk og ned mot Khrusjtsjov med djup renne på din side, før du kjem i Moahølen. Her er første hytte plassert opp og bak på kanten med god oversikt. Fortsetter med fine stryk og gode standplasser og bukter seg i s-form før den ender nederst i Hammerhølen.

Sona er godt egna for fiske med fluge og mark, samt sluk ved stor elv. Tidleg i sesongen ved ekstra stor elv er sona krevjande, men kjempefin når den synker ned litt.

Kortsalg  er hos Chatlet Sport AS.

 

Khrusjtsjov, Moen, Eidselva

Fotograf: Torstein Gjerde

Moen

Eid Sportsfiskelag leiger ut 2 stenger i døgnet. Det vert selt døgnkort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 650 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Moen er ein av dei siste plassane laksen stoggar før Hornindalsvatnet.

 

Depotet, Nor, Eidselva

Fotograf: Torstein Gjerde

Nor

Det vert selt døgnkort hjå Chatlet Sport AS og Nesjartun Camping.

Sona er 1080 meter lang. Nor ligg på sørsida av elva. På nordsida leiger Eid Sportsfiskelag to stenger hjå gardane Vedvik. Når ein kjøper kort på Nor, kan ein slik fiske på begge sider av elva. Av desse er sørsida mest brukt. Elva er stilleflytande, og difor vel mange å bruke flytetaum og eihands flugestong. Vadebukse er å tilråde, men er ikkje naudsynt. Fisket er best i juli og august.