Stoa
Bilete teke frå Stoa. fotograf Roy Egil Nitter

Fiskereglar 2024

Kjetil Veien

Fiskereglar Nausta 2024
Følgjande reglar er fastsett for fiske etter anadrom laksefisk i Nausta. Frå og med 2023 skal alle som fiskar i Nausta må registrere seg gjennom Inatur. Alle som skal fiske i Nausta må skaffe seg rapporteringskort hjå Inatur før fiske startar sjå lenke: Inatur Nausta. Rapportering av fangst skjer også via denne portalen eller i «fangstapp» frå Inatur. Alle som skal fiske i Nausta har plikt til å sette seg inn i gjeldande fiskereglar. Informasjon om innleveringspunkt og desinfiseringsstasjonar ligg på vassdragets heimeside i portalen: www.lakseelver.no.

§ 1. Fisketid
Laks: f.o.m. 1. juni t.o.m. 31. august. Sjøaure: f.o.m. 15. juni -t.o.m. 15. august.

§ 2 Reiskapsbruk og fiskemetode
Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stong. Det kan berre nyttast ein reiskap per person, eitt snøre per reiskap og eitt agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Lovleg fiskereiskap er fluge, sluk, spinner, wobbler og makk. Det er forbode å fiske på ein slik måte at fisken truleg vil krøkast. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm. Det er ikkje tillate å bruke søkke ved anna enn markfiske. Nausta elveeigarlag oppfordrar til bruk av sirkelkrok ved makkefiske. Ved bruk at floge som agn, er det dupp eller snøre som skal utgjere kastevekta.

§ 3 Gjenutsetting og innlevering
Fisk som skal settast ut skal handsamast på ein skånsam måte og i tråd med praksis vist foldaren « Gjenutsetting av laksefisk, Fang og slipp!». Denne ligg ute på heimesida til laget. Ein kan også laste den ned via denne lenka: https://lakseelver.no/nb/news-2016/gjenutsetting-av-laksefisk. For å redusere skadar på skjell og slim, skal det nyttas knutefri hov. Alle fiskarar skal ha kroktang samt innretning til å kontrollere lengda på fisken.
Fanga villaks utover kvoten skal leverast til Naustdal omsorgssenter. Kontakt Eiliv Erdal (90521997). Følgjande retningsliner gjeld:
• Fisk skal bløggast så rakst som mogeleg
• Ikkje legg fisken på bakken og unngå direkte kontakt med jord
• All handsaming av fisken skal gå føre seg med god handhygiene
• Fisken leggast i rein behaldar som er eigna for kontakt med næringsmiddel
• Om ikkje fisken kan transporterast til mottak med ein gong, må fisken kjølast ned/frysast midlertidig. Krav til kjølelagring er maksimalt 4 grader celsius. Fryselagring skal skje ved -18 grader celsius eller kaldare

§ 4 Kvotar og rapportering
Laks: Personleg døgnkvote på avliving av 1 villaks. Fiske skal avsluttast straks døgnkvota er nådd. Kvota for villaks er todelt: Laks t.o.m. 65 cm: Det er personleg døgnkvote på avliving av 1 villaks med lengd t.o.m. 65 cm.

På fiskerettane under, er personleg kvote erstatta med døgnkvote for fiskeretten:
• For den delen av fiskeretten til Elinor Friis, Mads Kleven og Eiliv Erdal under
Naustdalsfossen som vert leigd ut samla, er det ei samlekvote på 8 villaks per døgn.
• Under Hogafossen er samlekvoten på 2 villaks per døgn.
• Under Hovefossen er samlekvoten på 6 villaks per døgn (Frank Rune Ås og Ole Magnus
Klopstad).
Laks over 65 cm: Det er sesongkvote laks over 65 cm. på 45 villaks for heile elva. Desse vert fordelt med 15 villaks nedanfor Naustdalsfossen, 15 villaks ovanfor Naustdalsfossen til og med Hovefoss og 15 villaks på strekninga Hovefoss til og med Kallandsfoss.
Kvoten for villaks over 65 cm. vert vurdert i samråd med NINA og Statsforvaltar gjennom sesongen. Om det syner seg at det er grunnlag for endring i kvoten, vert alle medlemmene i laget informert om dette. Medlemmene skal kommunisere eventuelle endringar ut til fiskarane straks dei har fått slik melding. Når kvota for villaks over 65 cm. er nådd, vil dette bli opplyst om på elveeigarlaget si nettside, det vert også sendt ut melding til fiskarane.
Sjøaure: Personleg døgnkvote på avliving av 1 sjøaure over det nasjonale minstemålet på 35 cm. Fisketid for sjøaure er 15. juni til 15. august.
All fangst skal fortløpande rapporterast inn på Inatur Nausta dette mellom anna for å styre kvotering av laks over 65 cm. Feilrapportering eller mangelfull rapportering vert sett på som brot på fiskereglane, og handsama i tråd med reglane i § 6 (Straff).
Fisk som blir tatt opp og avliva utover kvoten skal leverast til Naustdal omsorgssenter (Sjå
retningsliner § 3).

Det skal takast skjelprøver av all avliva fisk. Desse skal leverast leiar
i laget innan 15.9.2024. I sesongen vil det vere høve til å levere skjelprøver på Best-stasjonen i Naustdal, i postkassen til Eiliv Erdal, Berrvellene 7 og i ein låst postkasse som vert sett opp ved informasjonsskiltet på Naustdalsfossen.

Døgnkvota går frå midnatt til midnatt. Fiskar er sjølv ansvarlig for fortløpande innrapportering av fangst. 

§ 5 Desinfisering
Alt utstyr som skal nyttast til fiske i Nausta skal desinfiserast før ein startar fiske. Dei som kun brukar fiskeutstyret i Nausta er friteken frå dette kravet. Kvittering skal på forlangande visast fiskeoppsyn.

§ 6 Straff
Brot på reglane eller medverknad til brot er straffbart. Regelbrot kan medføre utestenging, gebyr og melding til Politiet. Fiske kan ikkje gjenopptakast før gebyr er betalt. Gebyr for brot på fiskereglane er kr 4000,- med unnatak for brot på kvote eller medverknad til dette, som er kr 8000,-. Personar som blir teke for kvotebrot, bortvisast frå fiske i elva i 2 år. Personar som har vist uakseptabel åtferd kan og bortvistast frå fiske i elva. Uakseptabel åtferd kan vere å ikkje imøtekomme oppsynets pålegg, opptre truande eller sjenerande for andre fiskarar og grunneigarar. Bortviste personar er sjølve ansvarlege for å avstå frå fiske. Om dette ikkje vert overhalde, vil utestenginga utvidast. Fiske når vassdraget er midlertidig stengd straffast på lik line med brot på kvote. Fiskar har plikt til å løyse den statlege fiskaravgifta. Verneting for tvistesaker er Sunnfjord Forliksråd og eller Sunnfjord Tingrett.

§ 7 Ikraftreden
Desse reglane gjeld frå 14. Mai 2024.