Nausta
Nausta
Sportsfiske/Fiskeregler

Midtsesongevaluering 2025

Fiske fortsetter med tillegg til reglane. Ny evaluering i slutten av juli.

Marit Erdal

Etter gjenomført midtsesongevaluering har styret i Nausta elveigarlag vedtatt å fortsette fiske med stort sett samme regler. Bakgrunnen er oppgangen i trappa, situasjonen i naboelvane, fisketrykket og fangsten så langt. Vi har og rådført oss med Statsforvalteren og Norsk Insitutt for naturforskning (NINA.)

Etter ønske frå oppsynet er reglane oppdatert med følgande tillegg:

-  All avliva fisk skal takast bilde av med måleband som tydleg viser lengde på fisken. Bilde skal straks sendast til oppsynet (Taklo) på tlf 911 68 932 og rapporterast inn på Scanatura. Er fisken over 65 cm skal det sendast melding til styreleiar Eiliv Erdal på tlf 905 21 997, denne fisken skal leverast til Naustdal aldersheim. Dei fører liste på fiskane som blir innlevert. 

- Brudd på reglane gir bot på kr 4000,- og ved grove/gjentakande brudd vil ein kunne bli bortvist frå fiske. Grunneigarar som ikkje følger opp fiskereglane vil risikere at retten kan bli stengt for fiske.

Vi tar ein ny vurdering om 14 dager og dersom oppgangen dabber av i denne perioden vil vi vurdere å avslutte fiske i utgangen av juli.

Etter innspel frå oppsynet vil styret minne om at alle har eit felles ansvar om å ta vare på bestanden og følge reglane. Tilbakemeldinga er diverre at ein del fiskarar har holdinger som ikkje er forenleg med å fiske laks i 2025. Skal vi i framtida ha håp om kunne hauste av ein bærekraftig bestand, så må alle ta situasjonen på alvor.

 

Les fiskereglane for 2025 ved å klikke her!