

Oppdatering om fiskereglane
Gjeldande fiskereglar for Nausta blir forlenga til 10.juli
Styret i Nausta Elveigarlag har den 3. juli 2025, etter råd frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) og i samråd med forvaltninga, valgt å fortsette fiske med gjeldande reglar fram til 10.07.2025.
Etter forskrifta skal vi då gjennomføre midtsesongevaluering etter dei forhandsavtalte tiltaka. Vi har fått eit nytt rekneark som skal brukast som ein viktig del av beslutningsgrunnlaget. Data frå tellaren er viktig og data frå naboelvane skal og takast med i vurderinga. Det er no positive signal både i frå Svardalsosen og Gaula, men vi treng eit godt innsig i Nausta fram til 10.07.2025. Slik tala er no, er det fare for stenging av fiske. Om det blir tilfelle, kan vi opne for fiske seinare i sesongen dersom det kjem eit seint innsig.
Det er viktig at alle rapporterer fortløpande og korrekt slik at fangsrapporten blir rett. Vi minner og om at all avliva fisk over 65cm skal leverast på Naustdal aldersheim. Kjøkenet har ope til kl 17.00 og tar i mot fisken. Gi melding til styreleiar Eiliv Erdal (tel 905 21 997) om avlivinga og om fiskaren ønsker å levere sjølv.
Tidligare oppdateringar
Styret i Nausta Elveigarlag har den 20. juni 2025 bestemt at gjeldande fiskereglar blir forlenga for Nausta. Det blir gjort ein ny vurdering om ei veke (i veke 26). Håpet er at det kjem meir fisk framover, som kan gjere det forsvarleg med eit større uttak. Beslutningen er tatt i samråd med forvaltninga og etter råd frå Norsk institutt for naturforskning (NINA). Vurderinga bygger på innsiget av laks til no, data frå andre elver i området og overvåkingsnot på vestlandkysten.
Det er viktig at alle tar situasjonen på alvor og rapporterer inn fangsten. Det er og svært viktig at grensa på 65 cm blir respektert av alle - det er ikkje tillate å avlive laks over 65 cm.
Fiskereglar 2025
Fiskereglane for Nausta i 2025 kan lesast ved å klikke her.