Ministeren åpner trappa
Trappa i Hovefossen blei offisielt opna av Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn 01.06.21.
Trappa i Hovefossen er fullrestaurert av Miljødirektoratet. Dei eig trappa og har tatt alle kostnader. Det er gjort nokre endringar. Trappa har fått automatisert regulering av inntaket og det er fleire kammer slik at stigninga er redusert. Den første fisken har funne vegen opp og det blir spennande å følge oppgangen framover.
Habitatprosjekta nærmar seg slutten. Det gjenstår nokre justeringar som skal gjerast til hausten. Planen er utarbeid av LFI Norce i Bergen. Det er fullfinansiert med tilskotsmidlar. Foreløpige tall frå el-fiske til NINA viser at tiltaka fungerer som planlagt og aukar smoltproduksjonen i betydeleg grad. Statsforvaltaren i Vestland definerer prosjekta som ein stor suksess. Det fungerte og som planlagt ved isgongen i vinter.