Elveside

Hornindalsvassdraget - ny felles organisering og forvaltning

Oppdatering:

Arbeidet med felles organisering av vassdraget er godt i gang, og godkjent av Fylkesmann/Miljødirektoratet. Fisketid i Eidselva vil i 2021 bli som tidligare år: 01.06 - 31.08. 

 

Miljødirektoratet har føreslege stans i fisket i Eidselva og resten av Hornindalsvassdraget neste år grunna manglande organisering. Eid Elveeigarlag har arbeidd mykje med organisering i Eidselva og har eit bra opplegg her og ei god rapportering. Dette er ikkje nok lenger og kravet om felles forvaltning for heile den lakseførande delen av vassdraget skal no handhevast.

JorgenLangeland

Då forslaget om stenging av elva frå neste år kom tidlegare i år vart mange svært forundra. Elveeigarlaget har for så vidt visst om kravet om felles organisering ei tid, men vi har satsa på å gjere det som er råd for sjølve Eidselva. Dette meiner vi at vi har klart, og vi har også eit  klart inntrykk om at FM også har vore nøgde med arbeidet vi har gjort. Vi har vore avventande til å "rote oss inn på andre sitt område" og legge oss bort dei andre grunneigarlaga sitt arbeid. 

No må vi få til ei felles organisering og forvaltning av heile vassdraget og dette opplegget må vere så godt at det vert godkjent av FM. For å unngå fiskestans neste år må dette arbeidet vere godt i gang og innrapportert innan starten på september.

Møtet i Holmøyne tysdag neste veke ( 18.08.20 kl 19 i Vonlund ) vert difor ein viktig start på dette felles opplegget og alle må engasjere seg. På dette møtet skal det veljast eit interimstyre som skal starte arbeidet med å skaffe oversikt over alle med rettar i vasssdraget, føreslå vedtekter og styremedlemmar før konstituerande møte vert halde litt seinare.