Elveside / Arkiv

STANS I LAKSEFISKET FRÅ NESTE ÅR

 

Oppdatering:

Arbeidet med felles organisering av vassdraget er godt i gang, og godkjent av Fylkesmann/Miljødirektoratet. Fisketid i Eidselva vil i 2021 bli som tidligare år: 01.06 - 31.08. 

 

I medhold av regelverket for lakse- og innlandsfiske er det ute på høyring eit forslag om at det ikkje skal opnast for fiske i Eidselva og resten av Hornindalsvassdraget grunna manglande organisering.

JorgenLangeland
tirsdag 23.juni 2020 / 22:57

Regelverket stiller klart krav om at det skal vere felles forvaltning av fisket i heile den lakseførande delen av eit vassdrag. Vi har vore klar over kravet og har gjort tiltak for at reguleringa i Eidselva skal vere så god som råd og at alle med rettar i elva er med. Vi har svært god rapportering og ein grei driftsplan for elva. Vi har derimot ikkje gjort framstøt mot våre grannar i aust langs Hornindalsvatnet og Honndøla.

Forslaget som no ligg føre inneber ei instramming av regelverkskravet slik at det ikkje vert opna for fiske i nokon del av vassdraget viss vi ikkje får til eit felles forvaltningslag og ei felles forvaltning av heile Hornindalsvassdraget. Det vert med andre ord ikkje godteke at Eidselva styrer seg sjølv lenger

Eid Elveeigarlag har difor starta ein prosess for å få dette til. Vi har teke kontakt med grunneigarlaga på begge sider av Hornindalsvatnet og grunneigarlaget i Hornindal. Så langt er dette svært posistivt og vi planlegg å kalle inn til eit førebuande møte rett etter ferien. Deretter startar prosessen med å få oversikt over alle med rettar i vassdraget og få kalla inn til eit konstituerande møte med val av styre i eit felles forvaltningslag. Dette styret vil så stå for prosessen vidare til ei felles forvaltning i tråd med regelverket. 

Forvaltninga og fellesreguleringa går på desse oppgåvene:

Regulering av fisket, fiskeoppsyn, informasjon, smitteførebyggjande tiltak, fangststatistikk, fangstrapportering, kultiveringstiltak, bestandsovervaking og driftsplanlegging.

Det gjeld ikkje sal av fiskekort eller annan disponering av den einskilde fiskerett.

Det kjem meir info etterkvart

I samband med debatten rundt fiskereguleringane i neste periode har norske laksselever laga ein video om problemstillinga rundt sjølaksefiske og elvefiske