Velkommen til sesongen 2020!
Elveside/Fakta

Fiskesesongen 2021

Informasjon for fiskesesongen.

HenningAndreasLangeland
tirsdag 20.april 2021 / 13:19

Ein kan bestille fiskekort ved å kontakte: 

Chatlet Sport AS
6770 Nordfjordeid
Telefon: 57 86 13 71
E-post: chatleteid@sport1.no 

På Chatlet Sport AS, ALTI, ligg datamaskin for bestilling av fiskekort til dei sonene som Eid Sportfiskelag administrerer. Det er berre å stikke innom butikken å sjekke , ringe eller send e-post. Det er mulig å sjekke ledige kort på nett på linken:

https://www.dropbox.com/s/wctv05bbsnpyrmm/Fiskekort%20Eidselva%202021.x…

Det er kun betaling med kort ved kjøp av fiskekort ( ingen kontant betaling ).
I år er det og mulig å bruke Vipps#606187. Husk å vise kvittering for betalt Fiskeravgift 2021, samt utført desinfisering.

VIPPS: #606187

For tilreisande som kjem for å fiske i Eidselva så er det viktig å vise desinfisering-kvittering.
Har du vore i eit anna vassdrag så skal fiskeutsyret desinfiserast! Dette for å unngå smitte. Gjenutsatt fisk skal registrerast. 
Husk å levere skjellprøver og fangstoppgåver samla i ei av våre postkasser på infotavler ved Skipenes bru eller Nor bru, slik at vi får registrert all fisk. Dette vil hjelpe oss med vidare arbeid for elva i åra som kjem. Minner dykk om at SJØAUREN er FREDA!

Fisket opnar 1.juni og held fram til og med 31.august.

Regler for fiske henvises til Eid Elveeigarlag på  www.Eidselva.no

Kvote:

Styret i Eid elveigarlag har vedteke fylgjande regulering for fisket sesongen 2021: 

  • Minner dykk om skjellprøve av all fisk.

  • Hugs også på rapportering av fangst. Dette er svært viktig - vi er heilt avhengig av rett rapportering for å få styre elva sjølve. Ansvarleg for fangstrapportering er Ståle Solheim.

  • Gjenutsett fisk skal registrerast og rapporterast med ca vekt og lengde.

Kvotane vil bli vurdert gjennom sesongen.

Desinfisering:

Det vert desinfiseringsstasjonar på Nesjartun camping og ved vareinngangen på baksida av Rema 1000 Stokkenes. 
Har du vore i anna vassdrag, så skal fiskeutstyret desinfiserast.
Dokumentasjon vert utskriven frå desifiserings-stasjon på Nesjatun Camping. Ved Rema 1000 Stokkenes er stasjonen ubetjent og en kan kun betale med Vipps. Man må vise fram kvittering på Vipps og bilde av at en har desinfisert utstyret for å kjøpe fiskekort. 

For meir informasjon, sjå egen side om desinfiseringsstasjoner: Desinfiseringstasjoner

Fiskeoppsyn:

Det vert utførd kontroll av fiske og fiskeredskap. Kontrollør har og funksjon som kontaktperson ved evt. spørsmål frå den enkelte fisker.

Vi vil oppfordre dykk alle til å ta med boss slik at det vert ei triveleg oppleving ved elva.

Skitt fiske!

Eid Sportsfiskelag 
Styret

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

STATEN

Eid Sportsfiskelag leiger ut 4 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 1000 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Valdet er det siste før sjøen. Elva er delvis stilleflytande, og kan bli påverka av floa så langt som til Skipenesbrua. Fiskeplassen ved Skipenesbrua vert kalla ”Bruhølen”, og er truleg den beste hølen på Staten.

Av alle sonene Sportsfiskelaget leiger, blir det som oftast teke mest laks på Staten. Fangstane er fordelt på alle storleikar av laks og sjøaure.

Reiskap: Fluge, makk og sluk

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

STOKKENES

Eid Sportsfiskelag leiger ut 5 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 1265 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Den er forlenga med Prestegårdvaldet ned til sideelva/skilt.

Valdet er godt lagt til rette for fiske med flugestonga, men vading er nødvendig enkelte plasser. Stokkenes er blant dei meir stilleflytande sonene i Eidselva, sjølv om det også her er parti med hurtigare vassføring.

Store delar av elva på Stokkenes renn ved sidan av ei golfbane.

Valdet er ei god laksesone, men er og bra når det gjeld sjøaurefiske.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Bjørlo

Eid Sportsfiskelag leiger ut 4 stenger i døgnet i veka men kun 2 stenger i helgene  Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Bjørlo er den lengste sona i Eidselva, 3520 meter. Valdet ligg på sørsida av elva. Den lange strekninga sona spenner seg over, gjer at er det god plass til alle fiskarane. Elva er variert, med alt frå store hølar til harde stryk. Når det gjeld naturopplevingar har Bjørlo mykje å by på.

Bjørlo er ei ev dei mest populære sonene i Eidselva, og det er difor ofte stor pågang etter kort. Valdet er ei god laksesone, men er og svært god når det gjeld sjøaurefiske.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Langeland

Eid Sportsfiskelag leiger ut 2 til 3 stenger i døgnet, etter eigen fordelingstabell. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 960 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Idyllisk område med mindre hølar og ein stor (Vereidehølen). Både rolege parti og stryk. Sona er godt rydda, så her er fint å gå med flugestang. På stor elv er vading nødvendig i nedre del.

Dette er eit kulturbeite og her går som regel sau på sona.

Valdet er godt for både laks- og sjøaurefiske.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Kvien

Denne sona er 730 meter og har to stenger. Veksler annan kvar dag for medlem / ikkje medlem. Det er utførd mykje dugnad dei siste år med to fine fiskehytter og god tilkomst for utøving av fiske.

Øverst på sona er det nedre brekk-kant av Fossen før den svinger i eit stryk og ned mot Kruzjov med djup renne på din side, før du kjem i Moahølen. Her er første hytte plassert opp og bak på kanten med god oversikt.

Fortsetter med fine stryk og gode standplasser og bukter seg i s-form før den ender nederst i Hammerhølen. Hammerhølen er godt kjend for ein god standplass og mange storfangster.

Sona er godt egna for fiske med fluge og mark, samt sluk ved stor elv. Tidleg i sesongen ved ekstra stor elv er sona krevjande, men kjempefin når den synker ned litt.

Kortsalg er hos Chatlet Sport AS.

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Moen

Eid Sportsfiskelag leiger ut 2 stenger i døgnet (juni og juli). 1 stong i august. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 650 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Moen er ein av dei siste plassane laksen stoggar før Hornindalsvatnet. Her vert det ofte dei største laksane i elva tekne. Smålaks er derimot sjeldan. Sjøaurefisket er godt allereie i juni.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Fossen

Eid Sportsfiskelag leiger ut 1 stong i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Valdet er 300 meter lang, og ligg på sørsida av elva og er siste sona før laksetrappa. Strekninga er også kalla ”Fossen”. Valdet er i nedre delen ein lang høl med ein del grunne parti og groper. I øvre delen er elva ikkje lett tilgjengeleg for fiske på grunn av bratt terreng med skog.

I hølen har ein store sjansar for å få grov laks og sjøaure. Fisket er godt på stor og lita elv.
Det er ført opp ny fiskehytte våren 2014.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Balser

Eid Sportsfiskelag leiger ut 1 stong i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Fiskekorta er rimelegare her enn elles i elva (kr 100 per halvdøgn).

Sona er 60 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Valdet har to brukbare småkulpar. Elles er det få tydelege fiskeplassar. Eignar seg for fiske med lang makkestong. Tilhøva er best på lita og mellomstor elv.

Øvre del av sona er merka med eit skilt i berget. Ovanfor dette skiltet er det forbode å fiske på grunn av laksetrappa.

Sona er best for fiske etter sjøaure. Ein sjeldan gong kan ein treffe på større laks.

Reiskap: Makk.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Nor

Eid Sportsfiskelag leiger ut 8 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- halvdøgn- veke- og årskort hjå Chatlet Sport AS og Nesjartun Camping.

Sona er 1080 meter lang. Nor ligg på sørsida av elva. På nordsida leiger Eid Sportsfiskelag to stenger hjå gardane Vedvik.

Når ein kjøper kort på Nor, kan ein slik fiske på begge sider av elva. Av desse er sørsida mest brukt.

Elva er stilleflytande, og difor vel mange å bruke flytetaum og eihands flugestong. Vadebukse er å tilråde, men er ikkje naudsynt.

Fisket er best i juli og august. Sona er best for fiske etter sjøaure. Ein kan og vere heldig å få laks.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------