2 glade laksar med kvar sin laks
Elveside

Laksefisket 2019 endeleg i gang

JorgenLangeland
søndag 02.juni 2019 / 11:21

Laksefisket i Eidselva starta 1.juni og med fleire fine fangstar. Brødrene Erlend og Stian Bjørlo starta begge sesongen på Stokkenes. Etter ei stille natt vart det fangst då laksen vakna til i 9 tida. Erlend fekk laks på 11,2 og Stian på 9,3.

Første fiskedøgnet tyder på ein god sesongstart i Eidselva. Det vart teke minst 16 laksar og fleire var over 10 kg. Den største var over 13 kg.

Kameraet vårt har fanga opp ein del laks på veg opp og det er observert laks oppover i elva så DET ER LAKS I ELVA.