Sone 11 -Gravelsæterhølen

Gravelsæterhølen ligg i den midtre delen av Etneelva like nedanfor samløpet mellom Nord og Sørelva, og er lett å finna fram til. Fisket føregår frå sørsida av elva.

Ta av frå E- 134 ved avkjøringa til Etne Camping og kjør om lag 100 meter rett fram til elva og parkeringa som ligg i grensa mellom sone 10 og 11. Fiskesona strekkjer seg om lag 170 meter oppover forbi fiskebua og opp til og med fiskebrua i grensa til sone 12.

Sona er ein populær fiskeplass med høg utleige og jevnt bra fangstar. Ca. 30 fisk på 60 fiskedøgn i 2017 .

Sona eignar seg godt til fiske med fluge , sluk og mark.

Tilrettelagt med enkel fiskebu med bord , benker og bålpanne.

Gangavstand  til Etne Camping som er samlingsstad for fiskerane med muligheter for overnatting , servering , toalett , laksebørs , desinfisering av fiskeutstyr osv.

Kort veg også til Etne sentrum med kjøpesenter , sportsforretning , hotell , kafe, bensinstasjon, post, bank osv.

Om oss:

Fiskeretten er delt likt mellom Sørheim på nordsida , og Børretzen på sørsida , men vert utleigd samla som ei eining. På sørsida er fiskeretten fråskild frå garden med eige tinglyst navn og gards og bruksnummer.

Contact