Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Heavy rain
4 °C
S
3.1 m/s
06:42
19:26
00:29
13:10

Bø og Årheim

Her er elva på sitt breidaste. Namn i området tyder på at elva tidlegare var seglbar heilt opp hit, og sikkert endå lenger. Attmed fjellet på Sætre ligg ein hammar som vert kalla Skiphiljaren.

Segna seier at høvdingen på Eide hadde krigsskipa sine liggande her.
Frå Skjolden og vidare forbi Bø og Årheim har elva funne tilbake til noko av den fossande forma vi finn lenger oppe. Her finn vi Gamlebrua som vart bygd i 1880 og restaurert i 1979. 

Fiskekort for Bø og Årheim kan kjøpast på Sport1(Tel 57 87 10 62) i Stryn Sentrum. Fisket startat som resten av elva 15. juni men det er mogeleg å kjøpte fiskekort frå 1. juni.

Klikk her for meir info om hølar i elva