Sone 10

Sone 10 i Etneelva.

Fiskeregler

Fiskereglar for Etneelva 2016.

Fiskeutstyrt som er brukt i andre vassdrag skal vera desinfisert før fisket startar.

Det er berre tillate med stangfiske, og stanga skal ikkje forlatast som «sjølvfiskande» under fisket. Det er berre lov å nytta sluk, fluge, spinnar eller mark. Ved bruk av mark skal krokstørrelsen vera minst 3/0. Fiskeretshavar på den enkelte sone kan forby bruk av mark.

P.g.a. smittefare er det ikkje lov å bruka slangesøkke eller flytedobbe fylt med vatn.

Alle soner, med untak av sone 1 , får ein fangstkvote på 2 villaks pr. sone pr. døgn.

Sone 1 får ein fangstkvote på 3 villaks pr. døgn. Soner som vert fiska frå begge sider som motfiske, deler sonekvoten likt seg imellom.

Oppdrettslaks og regnbogeaure vert ikkje rekna med på kvoten og skal leverast på fiskefella for kontroll og prøvetaking. Fisk under 40 cm. og vinterstøingar skal straks setjast ut att i elva. Etter 15. juli skal all hofisk over 80 cm. setjast ut att i elva. Sjøauren er freda.

På sona er det ein «fang og slepp» kvote på to villaksar , og tre villaksar på sone 1.

Når fangstkvoten er teken skal fisket opphøyra.

Døgn/sonekvoten kan berre nyttast på den sonen der fiskekortet gjeld.

Fiskaren pliktar å respektera gjeldande sonegrenser , og det er forbode å fiska nedover påneste sone.

Fiskaren og dei han har med seg må respektera nærings og brukarinteressene m.a. ved ferdsle til og frå fiskeplassen , rydda etter seg og å bruka tilvist parkeringsplass.

Det er ikkje lov å setja opp telt utan løyve frå grunneigar.

Fiskekortet (faktura) lyder på namn og kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå kortseljar. Kvittering for betalt fiskekort og fiskeavgift til staten skal visast på førespurnad.

Fisketida i år er frå 15. juni til 15. august. Fiskedøgnet startar kl. 18.00 på oppført dato og varer i 23 timar til neste dag kl. 17.00. (Årets første fiskedøgn startar kl. 00.00 og varet til kl. 17.00 , og årets siste fiskedøgn startar kl. 18.00 og varet til kl. 00.00).

Fangstrapporten som følgjer med fakturaen skal leverast til kortseljar umiddelbart etter endt fiske. Dersom fangstrapporten ikkje vert levert innan fristen , kan fiskaren bli ilagt eit gebyr ved seinare års kjøp av fiskekort. Rapportering til laksebørs eller notering på fangstskjema som ligg på sonen vert ikkje rekna som innlevert fangstrapport. Husk å rapportera all gjenutsett fisk. Det skal takast skjellprøve av all avliva fisk.

Kortseljaren pliktar å gjera fiskarane kjende med fiskereglane og å samla inn og rapportera fangstrapportane. Fiskaren pliktar å retta seg etter gjeldande fiskereglar, og brot på desse kan føra til bortvising utan rett til å få tilbakebetalt for fiskekortet.

Krav frå Fylkesmannen om mogelege fangstbegrensande tiltak etter midtsesongevalueringa kan føra til endringar i desse fiskereglane som er fastsette av årsmøtet 18. februar 2016.