Audna Fiskerettseierforening har pr 22.07.2024 gjennomført midtsesongevaluering. Resultatet av denne er at fisket fortsetter med samme regler som vi har pr dags dato for resten av inneværende sesong(til 31.08.2024). Merk at døgnkvote er 1 laks og 1 sjøørret og ved fangst av 1 laks skal fisket umiddelbart avsluttes. Videre så skal all hunnlaks over 70 cm gjenutsettes og vi oppfordrer videre til gjenutsetting av all hunnlaks. Vi vil også fremover kun tilby dagskort(gjelder ikke for fiskere som har kjøpt sesongkort eller ukeskort på ett tidligere tidspunkt).
Oppgong av laks har tatt seg opp ein god del og me er no oppe i 699 laks. Det er ein auke på 311 frå midtsesongevaluering. Det som ikkje er så bra, er at denne auken på 311 laks kun har gitt oss ein auke på 178 kg ho laks, noko som tar oss opp til totalt ca 860 kg ho laks i live over fella pr no. Gytebestandsmålet er 1025 kg, så det er framleis eit stykke att, og det i eit år utan fangst (kun tatt ut 20 kg ho laks på fangst). Samme periode i fjor gjekk det opp ca 200 laks, men auke i kg ho laks var på 408 kg (ikkje korrigert for fangst).
Nå kjem det nok opp over 100 laks berre i dag, men ser ein på fordeling av kg ho laks, så må me nok ha opp ca 300 til, for å nå gytebestandsmåle (utan fangst). Me får håpa på fleire dagar som i dag!
Etneelveigarlag har i kveld vedteke at elva framleis held stengt for fiske etter midtsesong. Vedtaket er basert på at ein pr vurderingsdato 8. juli ligg ca 20% bak fjoråret mhp kg ho laks over fella. Det vart diskutert å opna for fiske men innføra ytterlegare restriksjonar på fangst og fangstreiskap, men me landa på at med så mykje restriksjonar og omfang av fang og slepp, var det meir tenleg å la bestanden vera i fred. Det er ein kjedeleg situasjon, men som forvaltningslag må me først og fremst ta omsyn til bestanden av laks og sjøaure. Me vil fortsetja å følgja med på oppgang av fisk og me kan gjera nytt vedtak om fiske, om situasjonen forandrar seg vesentleg.
Det er med tungt hjerte vi nå innser at laksefisket i Surnavassdraget er slutt for resten av sesongen.
Etne Elveigarlag har vedteke at all fiske i Etneelva vert stengt frå og med søndag 23.06 kl 18:00 og fram til midtsesong.
Bakgrunn for vedtak, er at lav oppvandring av laks og sjøaure, ikkje gjer det forsvarleg å fortsetja med fangst av fisk. Det er klar forventning frå Statsforvaltar og MD at forvaltningslaga tar kraftfulle grep slik situasjonen er. Alle rapportar frå vassdrag i Noreg syner dramatisk svikt i oppgang av laks og sjøaure. Det same gjeld for Danmark, Storbritannia, Irland og Island. Alle forskingsinstitusjonar som rapportere til MD melder om dramatisk lite laks både i elvar og fjordar. Det er viktig at Elveigarlaget syner at me tar forvaltningsansvaret på alvor, og gjer det me kan for å sikra ein forsvarleg gytebestand.
Ny vurdering av situasjon vert gjort ved midtsesongevaluering, så vil oppgangstala avgjera kva som skjer etter midtsesong.
Norsk Institutt for naturforskning (NINA), Surna Elveeierlag og Norske Lakseelver skal de neste tre årene sørge for et kunnskapsløft om rømt oppdrettslaks i Surna og andre elver i Møre og Romsdal.