Lærdalselvi

Fiskereglar Lærdalselvi 2024

Her kan du lese fiskereglene for sesongen 2024

NjaalGolf
torsdag 25.mai 2023 / 22:00

Fiskereglar 2024

Fisketider:

Sjøaure: frå 1. juli til 31. august.  Laks: Freda

Fiskereglane kan bli ytterlegare innstramma om ein ser at desse ikkje er tilstrekkelege for å begrense fangst av laks.

Framleige: Etter forskrifter om framleige av fiskerett av 25/6 1993, er framleige, altså vidareutleige av leigd rett, ikkje tillatt, då likevel med unntak som går fram av forskrifta.

Lokale Fiskereglar for 2024 vedteke av Elveeierlaget:

Stamfiske finn stad i juni. Desse dagane må elva på dei aktuelle strekningane vere eksklusivt og fullt ut disponible for stamfiske.

Elveeigarar må vera tydeleg på at det berre er lov å fiska etter sjøaure og at fiske må utøvast i tråd med dette.

Dersom ein ved sjøaurefiske får på laks, skal denne setjast tilbake i elva.

All laks som blør fra gjellene, skal avlivast. Laksen som må avlivast på grunn av skade, skal rapporterast straks, og innleverast til Elveeierlaget. Laksen skal ikkje leverast attende til fiskar.

Det skal ikkje takast laks ut av dalen.

All pukkelaks som blir landa skal avlivast, takast skjellprøve av og rapporterast.

Fiskereiskap i Lærdalselva:

Det er kun tillatt å fiske med fluge der flugelina utgjer kastevekta i heile elva i heile fiskesesongen.

Fiskelina skal vere flyt.

Saktesynkende fortom (synk 1) er tillatt.

Flugene skal ha maksimal lengde på fem (5) cm., være bunden på enkelt- eller dobbeltkrok, med maksimal krokstørrelse 6, eller på plasttuber. Krok til tubefluge skal ha innklemte mothaker.

Det skal kun benyttast flugestang med maks lengde på 14 fot

Sjøaurefiske, uttak:

Uttaket skal avgrensast til fisk mellom 45 cm (ca 1,2 kg) og 60 cm (ca 2,5 kg).

All sjøaure som blør fra gjellene, skal avlivast. Sjøaure som må avlivast på grunn av skade eller ved overlegg, og som er utanfor angitt storleik som kan uttakast, (jf. ovafor), skal rapporteres straks og innleverast til elveeigar. Sjøauren skal ikkje leverast attende til fiskar. Døgnkvote per fisker per døgn er en (1) sjøaure. Fisket må avsluttast den aktuelle dagen for fiskar som fanger og avlivar sjøaure. Dette gjeld også ved fangst av sjøaure som må avlivast på grunn av skade (blør fra gjellene). Elveeigarlaget oppfordrar til å begrense uttaket av sjøaure til eit minimum for å sikre framtidige generasjonar av sjøaure på elva. Ved fang og slipp skal fisken bli handtert skånsomt og ikkje takast ut av vatnet.

Desinfisering:

Alt fiskeutstyr skal desinfiserast både før og etter fiske. Det einskilte sameige / elveeigar har ansvaret for å ha tilgjengeleg desinfiseringsutstyr for fiskarar, eventuell avtale med andre elveeigarar som har slikt utstyr. Desinfiseringa skal skje under oppsyn av elveeigar sjølve eller ein eigarrepresentant. Sameige eller elveeigar har ansvaret for at det blir ført skrifteleg oversikt over dei som får gjennomført desinfisering på eige skjema eller i Scanatura via fiskernummer. Etter desinfisering skal kvar fiskar få med eit bevis på at desinfisering har funne stad, enten skrifteleg eller digitalt i Scanatura. Ver merksam på at elveeigar og fiskar må kunne framvisa dokumentasjon / bevis ved kontroll.

Registrering og Rapportering:

Elveeigar/sameige har ansvaret for at alle fiskarar er registrert i Scanatura (Inatur) FØR vedkommande fiskar startar fisket, og å påse at all fangst vert registrert fortløpande.

Fiskar plikter å rapportere alle fangstar straks og uten unødig opphold, etter landing eller gjenutsetjing, direkte sjølve i Scanatura eller med hjelp fra elveeigar/utleigar. Spesielt viktig er dette ved fangstar som vert avliva. Ved kontroll, vil avliva laks som ikke er rapportert, kunne medføre sanksjoner.

Fisketrygdavgift/kontroll

Elveeigar/utleigar må kontrollere at fisketrygdavgift er betalt før fisket startar opp.

Gyldig kvittering må takast med under fiske. Det vil bli gjennomført oppsyn med kontroll både om denne avgifta er betalt og om reglane om fiske elles vert følgde.

Lærdal 3. april 2024

LærdalElveeigarlag v/ Ola Petter Bøe, styreleiar.