Lærdal Elveeigarlag SA
Lærdal elveeigarlag SA er ein samanslutning for elveeigarar med fiskerett i den lakseførande delen av Lærdalselva nedanfor Sjurhaugfossen.
Lærdal elveeigarlag SA er ei vidareføring av foreninga Lærdal Elveeigarlag og oppretta og skal drivast i samsvar med reglane i forskrift om pliktig organisering av vassdrag med anadrome laksefisk av 25.juni 2013. Kvar deltakar vert rekna som eitt medlem i laget. Forretningskontoret er i 1422 Lærdal kommune.
Laget har som føremål å ivareta dei lovpålagde forvaltningsoppgåvene som er gjeve i lakse- og innlandsfiskelova med tilhøyrande forskrifter. Laget skal:
- verne om fiskeressursane i elva i samarbeid med offentleg forvaltning
- arbeide for godt fiskestell og tiltak for å fremje elva sin verdi som sportsfiskeelv
- arbeide for medlemmene sine interesser i samband med anna bruk av vassdraget
- vere kontaktlekk mellom laget sine medlemmer og andre som har med elva å gjere på og tale medlemmene si felles sak ovafor offentlege styresmakter og andre
Laget har ikkje erverv til føremål og den einskilde medlem disponerer sjølv eigen fiskerett, eventuelt i samarbeid med andre medlemmer. All formidling av fiske skjer uavhengig av laget
c/o Ola Petter Bøe
Stødnavegen 11
6887Lærdal
Norge