Selto

Vesentleg forsterka oppsyn og evaluering

Styret i Lærdal elveeigarlag har i møte 30.juni vedteke å forsterka vår oppsynskontroll vesentleg denne sesongen, både med meir hyppig oppsyn og i form av meir bistand frå Statens Naturoppsyn (SNO). Dette for å sikra at reglane for sjøaurefiske blir etterlevd. Bakgrunnen for den styrkja kontrollen er å bidra ytterlegare til den felles dugnaden for å berga laksen, slik Miljødirektoratet legg opp til.

Vidare vil styret i Lærdal elveeigarlag gjera ei evaluering 10.juli i høve status på rapportar og elles korleis dei første 10 dagane av sjøaurefisket har vore - dersom det då har vore bifangst av laks i noko utstrekning vil fiskereglane bli innskjerpa.  

NjaalGolf