Vakkert og vilt i Sogn

Lærdalselvi blir ofte kalla ”Dronninga blant lakseelvar”. Dronningnamnet kjem nok av at at Kong Harald  fiska i elvi frå han vart 14 år gamal og både Kongen og Dronning Sonja har vore faste gjester i  dei fleste åra det har vore fiske i elvi.

Oversikt i kart finner du her
Fisketilbydere i Lærdalselvi.

Generell beskrivelse av fisket

Utleige av fiske
Det er mange sameige og eindel ordningar med felles utleige i elva, slik at det er samla 24 vald som driv utleige av lakse- og sjojøaurefiskefiske. Elveigarlaget driv sjølv ikkje utleige av fiske. Dei som er interessert i å leige fiske, må ta direkte kontakt med kontaktpersonar i god tid før fiske startar om ledig fisketid, pris og vilkår elles. Utleige skjer i all hovudsak til grupper på 2 - 8 fiskarar over fleire dagar, inklusiv hus/hytte.

Fiskeregler

Fiskereglar 2022 

Fisketider:

Sjøaure: frå 1. juli til 31. august

Fiskereglane kan bli ytterlegare innstramma om ein ser at desse ikkje er tilstrekkeleg for å begrense fangst av laks.

Framleige:

Etter forskrifter om framleige av fiskerett av 25/6 1993, er framleige, altså vidareutleige av leigd rett, ikkje tillatt, då likevel med unntak som går fram av forskrifta.

Lokale Fiskereglar for 2022 vedteke av elveeigarlaget:

Stamfiske finn stad i juni. Desse dagane må elva på dei aktuelle strekningane vere eksklusivt og fullt ut disponible for stamfiske.

Elveeigarane må vera tydeleg på at det berre er lov å fiska etter sjøaure og at fiske må utøvast i tråd med dette.

Dersom ein ved sjøaurefiske får på laks, skal denne setjast tilbake i elva.

All laks som blør fra gjellene, skal avlivast. Laksen som må avlivast på grunn av skade, skal rapporterast straks, og innleverast til elveeigarlaget. Laksen skal ikkje leverast attende til fiskar.

Det skal ikkje takast laks ut av dalen.

All pukkelaks som blir landa skal avlivast, takast skjellprøve av og rapporterast.

Fiskereiskap i Lærdalselva: 

Det er kun tillatt å fiske med fluge der flugelina utgjer kastevekta i heile elva i heile fiskesesongen.

Fiskelina skal vere flyt/intermediate

Saktesynkende fortom (synk 1) er tillatt.

Flugene skal ha maksimal lengde på fem cm., være bunden på enkelt- eller dobbeltkrok, med maksimal krokstørrelse 6, eller på plasttuber. Krok til tubefluge skal ha innklemte mothaker.

Det skal kun benyttast flugestang med maks lengde på 14 fot

Sjøaurefiske, uttak:

Uttaket skal avgrensast til fisk mellom 45 cm (ca 1,2 kg) og 60 cm (ca 2,5 kg). All sjøaure som blør fra gjellene, skal avlivast. Sjøaure som må avlivast på grunn av skade eller ved overlegg, og som er utanfor angitt storleik som kan uttakast, (jf. ovafor), skal rapporteres straks og innleverast til elveeigar. Sjøauren skal ikkje leverast attende til fiskar. Døgnkvote per fisker per døgn er en sjøaure. Fisket må avsluttast den aktuelle dagen for fiskar som fanger og avlivar sjøaure. Dette gjeld også ved fangst av sjøaure som må avlivast på grunn av skade (blør fra gjellene). Elveeigarlaget oppfordrar til å begrense uttaket av sjøaure til eit minimum for å sikre framtidige generasjonar av sjøaure på elva. Ved fang og slipp skal fisken bli handtert skånsomt og ikkje takast ut av vatnet.

Desinfisering:

Alt fiskeutstyr skal desinfiserast både før og etter fiske. Den einskilte sameige / elveeigar har ansvaret for å ha tilgjengeleg desinfiseringsutstyr for fiskarar, eventuell avtale med andre elveeigarar som har slikt utstyr. Desinfiseringa skal skje under oppsyn av elveeigar sjølve eller ein eigarrepresentant. Sameige eller elveeigar har ansvaret for at det blir ført skrifteleg oversikt over

dei som får gjennomført desinfisering på eige skjema eller i Scanatura via fiskernummer. Etter desinfisering skal kvar fiskar få med eit bevis på at desinfisering har funne stad, enten skrifteleg eller digitalt i Scanatura. Ver merksam på at elveeigar og fiskar må kunne framvisa dokumentasjon/bevis ved kontroll.

Registrering og Rapportering: 

Elveeigar/sameige har ansvaret for at alle fiskarar er registrert i Scanatura (Inatur) FØR vedkommande fiskar startar fisket, og å påse at all fangst vert registrert fortløpande.

Fiskar plikter å rapportere alle fangstar straks og uten unødig opphold, etter landing eller gjenutsetjing, direkte sjølve i Scanatura eller med hjelp fra elveeigar/utleigar. Spesielt viktig er dette ved fangstar som vert avliva. Ved kontroll, vil avliva laks som ikke er rapportert, kunne medføre sanksjoner.

Fisketrygdavgift/kontroll 

Elveeigar/utleigar må kontrollere at fisketrygdavgift er betalt før fisket startar opp.

Gyldig kvittering må takast med under fiske. Det vil bli gjennomført oppsyn med kontroll både om denne avgifta er betalt og om reglane om fiske elles vert følgde.

Lærdal 26. mai 2022

Lærdal Elveeigarlag v/ Ola Petter Bøe, styreleiar.