Hauge-Skjær-Hunderi-kilen

Ein stor dag for Lærdalselvi!

Etter lang planlegging og mykje arbeid har me no opna kvitli som går frå Hauge over Skjær med utløp på Hunderi.

NjaalGolf
fredag 30.april 2021 / 19:51

Dette var eit gamalt sideløp som vart lukka ved forsterkinga av elveforbygningen på starten av 1970-tallet. Det var ein annan tankegang på den tida da ein ikkje såg den same nytten av slike kilar og mange kilar vart lukka eller forfall. På starten av 1990 tallet vart kilane i elvi kartlagt og det vart lagt ein plan for å opna alle desse kilane, men Gyro-situasjonen la ein stoppar for planane da desse områda gjorde behandlinga av elva meir komplisert. Elva vart som kjent friskmeldt i 2017 og arbeidet kunne takast opp att. Me fekk på plass avtale med Lærdal kommune og Østfold Energi med fullfinansiering av prosjektet på Hauge-Skjær-Hunderi med ei kostnadsramme på 1,8 mill. Kilen startar ved inntak til røyr ved Grønebank på Hauge med ei røyrgate over Haugsgardane før den går som open kile vidare nedover Hauge over Skjær med utløp på Hunderi. Dette er ein kile med høgt potensial og kjem til å være veldig bra som oppvekstområdet for laks og sjøaure.

 

Tusen takk til alle partar som har vore med for å få til dette flotte prosjektet!

 

Film frå opninga av kvitli:

https://www.youtube.com/watch?v=5EyHnI2aMCM

https://www.youtube.com/watch?v=_qy9dKDDTKs