Årsmøtet har vedteke tre sett av fiskereglar for sesongen 2022 som betyr at det er ulike reglar for Eidselva, Hornindalsvatnet og Storelva. Nytt for sesongen er at årsmøtet også vedtok å innføre forvaltningskort for heile vassdraget.
Det blir også i år forskingsfiske i Bolstadelva frå 15.juni til og med 31.august. Inntil 50 % av fisket kan bestillast av grupper, avgrensa til perioden 15.juni -22. juli. Gruppesal startar 15.02.2022. For meir informasjon ta kontakt på bolstadelva.as@gmail.com.
Kan Koronaviruset påvirke årets Laksefiske?
Eit av vilkåra for å opna for fiske i elva er at me har gode rutinar for fangstrapportering. Dette er eit krav frå den nasjonale villaksforvaltninga i arbeidet med å forvalta fiskeresursen på ein trygg og god måte både nasjonalt og lokalt.