

Til minne om HM Kong Harald V
Lærdal Elveeigarlag mottok med stor sorg bodskapen om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang. Me har mista ein god venn av villaksen og av Lærdalselvi.
Lærdal og Lærdalselvi hadde stor betydning for Kongen gjennom heile livet. Fyrste gongen han kom som lakse- og sjøaurefiskar var i 1951, og i 1953 fekk han sin fyrste laks i elvi. Sidan den gong vende han stadig attende til ein stad, som han sjølv sa, der han kunne vere heilt seg sjølv. Gjennom over 70 år, seinast sommaren 2026, var han ein fast og kjærkomen gjest langs elvebreddene i Lærdal. Ingen har vel sett ord på dette forholdet betre enn Kongen sjølv:
«Jeg har vært så heldig å ha to dronninger i mitt liv, Dronning Sonja og Lærdalselven – Dronningen blant lakseelver.»
Orda seier mykje om kor nært Lærdalselvi låg Kongen sitt hjarte, og om det særeigne bandet han hadde til dalen og elva gjennom eit heilt liv.
Engasjementet for Lærdalselvi var ein del av eit livslangt engasjement for natur og miljø.
Alt som kronprins, tidleg på 1970-talet, tok han til orde for naturvern, mellom anna gjennom rolla som president i WWF Norge. Seinare løfta han også fram klimaspørsmålet, slik han gjorde i nyttårstalen i 2007. Gjennom heile livet synte han ei djup omsorg for naturen — om det gjaldt regnskogen, havet eller laksen sine leveområder.
For oss i Lærdal Elveeigarlag var Kong Harald ikkje berre ein ihuga sportsfiskar, men ein oppriktig ven av villaksen.
Me takkar for det engasjementet han synte for laksen og for Lærdalselvi gjennom heile livet.
Våre varmaste tankar og kondolansar går til Dronning Sonja og den kongelege familien.
Me lyser fred over minne.
Styret i Lærdal Elveeigarlag