Fiske start 2017
Beste ønsker om ein god sessong
Sportsfiske/Sportsfiske

Då går starten for årets fiske!

KurtBirgerHagen
onsdag 14.juni 2017 / 18:15

I natt går starten for årets fiske i Etneelvo.

I år lovar alt godt allerede før starten. Det er gått opp meir enn det dobbelte av det som gjekk gjennom fello i fjor.
Størrelsen er noko større også, der lurar allerede 3 stk over 14 kg :) 
Gode tal er der også for Auren som det i år er fiske på.

I det siste har det også vært nedbør nok, så der er ikkje mangel på vatn i år.

 

Det nye huset ved fiskefello, vil om kort tid ha offisiell opning. 
Der er nyansatte som driv målingene der no.

 

Som de sikkert har sett er der ikkje svært mange oppdateringar her,
eg vil difor høyra om der er nokon engasjerte, datakunnige,
og nøytrale fiskarar med ein liten hobby reportar i magen som kunne tenkt seg å hjelpa med aktiviteten på denna sida.
Ta då gjerne kontakt med meg.

Beste ønsker til alle for ein flott sessong

Kurt
Leiar Etneelvo