
Mykje vinterstøingar på veg ut i sjøen
Under utfiske av rømt regnbueørret ble det observert gledelig mange vinterstøinger på vei ut av Etneelva.
I forbildelse med røming av regnbogeaure frå Sjøtroll sit anlegg i Ålfjorden , vart dei av Fiskeridirektoratet pålagd å registrera og ta ut rømlingar i elvane i området. Rådgivende Biologer var på drivtelling også i Etneelva der dei på dei nedreste sonene registrerte ca. 10 regnbogeaure. Forsøk på uttak med harpun vart misslukka då berre ein einaste vart teken. Elveigarlaget uttrykkjer bekymring både for smittespreiing og skade på gytegroper.
Det positive ved drivtellinga var at det berre på dei fire nederste sonene av elva vart registrert ca. 500 vinterstøingar der ca. 90 % var laks. Dette er svært verdifull fisk som no er på veg ut i sjøen og som forhåpentligvis kjem attende til elva vår som mellom og storlaks om nokre år.